onsdag 6. november 2013

Jorda rundt på veggane

Biletet er tatt før vi malte taket - huff så mørkt!
Da eg og mannen reiste jorda rundt i 2006 bestemte vi oss ein stad i Asia (Malaysia eller Thailand) at vi ville kjøpe med oss kunst frå alle landene vi skulle besøke. Da hadde vi alt vore i Kina, så derfor er ikkje kunstsamlinga vår korrekt, men det er heller ikkje så viktig. Kina skal vi tilbake til - det er heilt sikkert! Det er ikkje all kunsten som har blitt hengt opp på veggen etter at vi flytta inn i huset vårt for snart fire år sidan. Det har mykje (om ikkje alt) å gjøre med rammene. Bilete laga av ein gatekunstner i Montevideo passar ikkje naudsynt inn i ei ramme frå ikea. Eit kunstverk har vi ramma inn hos ein rammebutikk i sentrum; det er eit oljemåleri som vi kjøpte av ein kunstnar på ein gatemarknad i Buenos Aires, i bydelen La Boca. Måleriet er nydleg, og fortjente verkleg ei passande ramme!

Uansett...


Dette biletet er plassert i ei ikearamme, og som du ser passar den ikkje inn. Likevel synes eg det passar, for det viser tøyet som er blitt mala på også utanfor sjølve "kanten" på maleriet. Kunstnaren har malt ei svart "ramme" rundt maleriet (som er med oljemaling på lintøy), men eg synes den flekkete duken som er utanfor den svarte, malte ramma er spanande. Derfor synes eg den passar fint - ramma altså!
Verken eg eller mannen har vore i Afrika, i Uganda der dette maleriet er frå. Dette fikk eg i bursdagsgåve av ei venninne som jobba frivillig i Uganda i eitt år. Sjølv om det ikkje er henta inn av meg er eg veldig glad i det, og ser på det kvar dag når eg går ned trappa. Steinen nede til venstre på biletet er frå Fure på Stadtlandet, og skjellet frå Ang Thong National Marine Park utanfor Koh Samui. Steinen med hjartet fann mannen da vi var der på vår første ferie saman i 2003, og skjellet fann eg da vi var i Thailand 2006.

NO vart eg reisesjuk!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...