torsdag 7. november 2013

Perler og pepperkaker

Enn så lenge ubrukte - snart oppbrukt.
Vi er i gang med julegåvemakingdelen av året. Godt i gang! Som i fjord skal mannen og storebror lage noko til Pepperkakebyen. Innleveringa er alt i november slik at byen er klar til opning i desember. Her blir det lagt inn aksjer i form av arbeidsteikning og monteringsplanleggjing. Lillesøster på si side er meir konkret av seg - la oss lage noko NO! Som meg, med andre ord.
Så vi perler. Lillesøster har perla lange perlekjeder til de fleste venninnene i barnehagen. Desse tar vi med så snart de er ferdige, og lillesøster leverer de ut, litt flau og veldig stolt!

Hylla frå ikea har vi hengande ved kjøkkenbordet vårt. Ikkje fordi den er noko fin eller ryddig, men fordi den inneholder mykje av det ungane jobbar med fleire gongar i veka. Plastelina, playmais og månesand har vi liggande utanfor barnehender, medan det som er her er det fritt fram med. Lillesøster spør om lov, men storebror tar seg til rette sjølv. Tenkjer det er heilt greit:)

Snart er det avgårdekåre på sats for å trene bodypump, altså styrketrening ein heil time, for første gong. Lurer på korleis eg har det i morgon?:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...