tirsdag 3. desember 2013

Nabodamebesøk


Her var det ikkje mykje julepynt gitt! Legg merke til storebror sine føtter til høgre - "du har laga det så koselig mamma!"
Ein tysdag i november inviterte eg nabomammaene eg kjenner på besøk til meg. Desse damene ein vanlegvis vekslar eit par ord med når vi leverer i barnehagen, treffast ved postkassa eller går forbi kvarandre på veg til butikken. Det er luksus å få snakke med de utan unger som drar oss i armen! Høve var at ei dame frå sjarmtrollparty.no skulle komme å snakke om produktene sine - noko ho også gjorde, og vi handla litt - men da ho gjekk vart det utveksla informasjon om leikeplassoppussing, fortauutviding, bondegårdsavvikling, skulestart og ikkje minst (obligatorisk) morsomme historier frå og om ungane våre. Ein knallkveld!


Eg hadde baka Cappucchino-kake etter oppskrift herfrå. Den skal steike MYKJE lengre enn oppskrifta seier for liten langpanne (og nei, den "ettersteiker" ikkje etter at du har tatt den ut av omnen slik mannen min meinte den kom til å gjøre). Og den er fantastisk god!!!

No er det desember og travle dagar, men eg skal utan tvil invitere nabodamene på besøk igjen!

2 kommentarer:

  1. Oppskrift på Cappucchino-kake noteres.
    Ikke veldig mye julepynt her heller akkurat nå, men det kommer nok snikende i løpet av de neste ukene. Bruker å gjøre det;)

    SvarSlett
  2. Anbefalast sterkt! Vi har ein del meir pynt no, og raude gardiner:-) I morgon skal det snø også, så da er det full julestemning med ein gong!

    SvarSlett

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...