fredag 6. juni 2014

Endelig - grunning!

Etter å ha brukt kvart ledige minutt de siste 5 dagane på å skrape gammal maling av husveggen er det i dag grunning som står på planen! Det er nokre førmiddagsbyger i Bergen i dag, men det kjem til å tørke fort opp - og da skal vi smelle på grunning der vi no har skrapa. Eg er så klar til å komme i gang med neste steg!! Vi håpar på å få tatt strøk ein av malinga i morgon, og strøk to på søndag. Det kjem eigentlig mest ann på dagsformen og i kor stor grad ungane klarer å aktivisere seg sjølve.


Dette bordet - med smijernsunderstell - fikk vi med huset. For to år sidan malte eg det blått og no er det blitt slitt og fint :) Før takmannen kom med stillaset sitt tok vi det opp på verandaen og bruker det som bord der. Fint at vi også har blå fat ;)


Huset vårt skal bli heilt kvitt, og med mørkeblå lister. Det blir SÅ LEKKERT! Tenk - om berre ei veke er stillaset fjerna, og huset kan skine i ny drakt med nytt tak og ny maling! Eg gler meg til å vise det fram her! Eg har også planer for baksida av huset, eg skal lage eit uterom som vi er kjekk å vere på - og da må det nokre forandringar til. Stay tuned!

I kveld - intervalltrening på meg, og endeligferdigmedetterutdanningsfest på mannen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...