torsdag 5. juni 2014

Førskuledag


I dag var storebror med meg på jobb nokre timar før vi reiste til skulen for å møte læraren han skal ha til hausten - og ikkje minst; finne ut kven han skulle gå i klasse med!

Det første møtet med læraren var utelukkande positivt! Storebror sprang fram når namnet hans vart ropt opp av rektor og tok både rektor og lærar fint i handa - vi er så stolte over nestenskuleguten vår!

Inne i klassen rekte han opp handa på alle spørsmål, og var ein av de første som gjekk fram for å ringe ut sitt navn på "tavla", dvs smartboarden i tavlestørrelse. Hjelpes kor teknisk skulegang han kjem til å få! Han svarte med høg og klar stemme når læraren snakka til han, og var ein super elev! Tidlegare var han sjenert og stille i slike forsamlinger, og det er ikkje lenger tilfelle. Det var godt å sjå det de ansatte i barnehagen har snakka om.

Etter at skuledagen var over køyrte eg han i barnehagen før eg avslutta arbeidsdagen utan assistent. Tenk at vi berre har ein månad igjen med to barnehageunger!

Storebror lærer sjakk på Mallorca. Vi leiker ikkje barneoppdragelse ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...