lørdag 1. november 2014

Festdag!

I dag skal vi har vår årlege Halloweenfest heime hos oss! Dette blir fjerde året på rad vi finner på noko kjekt i samanheng med Halloween - og vi kan trygt seie at det utviklar seg for kvart år!

Eg har ikkje bileter her på bloggen etter feriringa i 2011, men da inviterte vi to vennefamilier på middag. Vi lagde innvoller med rottehakk (spagetti og kjøttdeig) og til dessert fikk ungane kvar sin kopp med musehjerner (popcorn), litt snop og plastedderkopp. Litt oransje og svart på bordet - ellers lite med stæsj.

I 2012 inviterte vi ein vennefamilie på middag. Denne gongen serverte vi også spagetti, men da i kule, oransje paprikaer der eg hadde skjært ut skumle andlet. Gresskarbrød (salt som fy meiner eg å hugse) og pumpkin pie til dessert. Sjå meir om den feiringa herDet begynner å bli litt meir pynt som vi tar vare på frå år til år. Det store gresskaret på øverste biletet knuste under oppbevaring til i år, det er slikt som skjer.

Nydlege haustfarger i Bergen i år!
I fjor inviterte vi alle søskenbarna på mannen sin side som hadde fått barn - sjå innlegg om det her. Vi serverte pølser i brød og pizzasnurrer, samt eit velfylt dessertbord.


I år har vi invitert tre nabo/vennefamilier, og har spanande planer om godekkel mat. Gresskarpai lagde vi i går, i dag  står red velvet cupcakes, spøkelseboller og mumiepølser på planen. Krysser på dette tidspunktet fingrane for at vi rekker alt i tide før gjestane kjem :)







HA EIN RIKTIG FIN LAURDAG! Moahahahahaha :D

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...