onsdag 3. desember 2014

Årets adventskalendere

I fjor oppdaga storebror at det eksisterte noko som heitte legokalender, som inneholdt lego i alle lukene! Derfor han han no gleda seg i nesten eit heilt år til å ha legokalender! Tidlegare har de fått gåvekalendere, sjå innlegg om det her for 2012og her for 2013.
Det var vansklegare å finne ein kalender til lillesøster som er mest glad i å høyre på musikk eller lydbok. Men Frost er jo favoritten over alle favorittar, så da eg fann Frost-kalender på nettet var eigentleg ikkje valget så vanskelig. Men eg stussa litt sidan den inneholdt masse sminke. Eg bruker knapt sminke sjølv, så lillesøster veit ikkje kva det er. Det var øyenskygge (!) i kalenderluke ein. Vi sa det var fingermaling, og den var brukt opp på 10 minutter. Fungerte finfint! Storebror er sjølvsagt superhappy og så spent på måndags morgon at han vokna før vi skulle stå opp!
Vi opnar kalender etter middag, når det er mørkt ute ser eg på desse bileta! Eg og mannen bruker å ha gåve til kvarandre annankvar dag, men i år har han kjøpt neglelakk-kalender til meg (JIPPI!) frå MakeStyle med Ciaté-lakker i. Happy Day Every Day! Han får gåve annankvar dag frå meg. Nesten ølkalender i år faktisk.

Juleverkstad med klassen til storebror i går gjekk foresten strålande! Bileter og tips kjem i morgon :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...