torsdag 4. desember 2014

Enkel juleverkstad

På tysdag gjennomførte vi juleverkstad med klassen til storebror. Alle hadde med seg foreldre, og vi hadde fire stasjonar. Den absolutt mest populære var lyslyktstasjonen! På førehand hadde vi sendt med heim eit skriv der det stod om de fire stasjonane, og at de måtte ha med tomme syltetøyglass, klistermerker, glansbileter og band, samt mjølkekartongkorkar.

Hos oss har vi har tatt vare på middagsglass for baby og har brukt de når vi har sylta. Eg lagde klar to til våre barn med klistermerker og silkeband oppi.
Framgangsmåten er enkel. Hell eggekvite oppi og skru på lokket. Rist slik at alt er dekka før du tømmer ut. No tar du oppi sukker, skrur på lokket igjen og rist. (Sa eg at dette er super aktivitet for barn? Og voksne!) Tøm ut sukkeret og no kan du pynte glasset på utsida. Vi brukte decoupage-lim for å feste band og glansbileter. Klisset inni blir hardt, men det er anbefalt at ein bruker elektrisk lys oppi lyslykta, historier om smelta sukker og hysteriske barn vart fortalt. Warning, warning ;)
Vi hadde tatt med boksen vår som er full av perler, og stasjon to var perlestasjon der ein perla serviettringer. Fleire perla både smykker og armband her. Heimeperla serviettringar er flotte å bruke, er raskt å lage og tar liten plass. Himla bra. Det beste er nok å bruke ståltråd, men det rakk eg ikkje å finne, så vi brukte smykketråd - fungerer fint det også.
Ein anna populær stasjon var snømannkort. Her fikk vi brukt korkane vi hadde med! På litt tjukt ark: lim tre korkar over kvarandre og lim på auger, nase, munn og hatt. Evt kan ein teikne, men vi hadde lånt sfo-rommet og det var kjemisk rensa for tusj. Det vart veldig fint med papp også! Førsteklassingane skreiv på også, med den fine "nyfødde" handskrifta; GO JUL!
Lyslykt og snømannkort på tørking
Den siste stasjonen var rett og slett teiknestasjon med utskrivne juleteikningar. Dette gjør de ganske mykje av på sfo, så det var vel den minst populære - men det var alltid nokon som satt der, så den fungerte fint :) Også er det jo noko ungane klarer utan hjelp! Vi serverte også saft og pepperkaker. Veldig kosleg og veldig populært!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...