onsdag 10. desember 2014

Gode grunnar til å stå opp

No i desember utnyttar eg grovt at det er så mykje å glede seg til! Når ungane skal vekkast er det mykje meir effektivt å få de vokne når eg nevnar noko kjekt de skal gjøre den dagen.

God morgon! Er du klar til pepperkakebaking på sfo?
God morgon! Er du klar til å reise på teatertur til byn med barnehagen?
God morgon! Er du klar til skøytedag med skulen?
God morgon! Er du klar til Luciafrukost i barnehagen?
God morgon! Er du klar til grautlunch saman med 4.trinn?

And so on and so on. Det er ikkje måte på kor mykje kjekt ungane våre får vere med på medan vi er på jobb! Og er det ikkje noko spesielt som skjer på dagen er det ofte noko på kvelden. Hei hå kor det går!

Det fungerar ved middagsbordet også. Det kan fort bli litt mykje prating og litt lite eting, og da er det få ting som slår denne: "No må de spise opp slik at vi kan gå og opne kalenderen!"

Åhh - la desember vare leeeeeengeeeee :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...