torsdag 11. desember 2014

Strikk for livet

Eg har tidlegare strikka pittesmå plagg til Strikk for livet. Dette er ein genial måte å kvitte seg med restar av ullgarn. Restar av kløgarn sender eg alltid opp i barnehagen - der brukar de det til mellom anna veving. No som vi flytta ut av de gamle skapene våre på soverommet dukka det opp ei eske full av restegarn, så eg har gått heilt inn for å bruke opp dette.
Sist strikka eg små huer og ei kuvøse. Denne gongen strikka eg også tepper, men større enn sist.
To tepper i striper - ettersom garnet tok slutt. Ikkje vakkert, men godt og varmt sidan eg også strikka med dobbelt garn og store pinnar. Eg la de inn i kvar sin zip-lock-pose med ein lapp der målet på teppet står skrive. Slik er teppet tørt og reint og klart når det skal bli brukt.

Eg strikka nok ei kuvøse denne gongen. Dette ligger framleis heime, eg tenkte eg skulle vente til etter julegåvehaugen med å sende det med posten. Også kjem det kanskje nokre ekstraplagg til etter kvart også :)

Gå inn på nettsida og les om prosjektet her: https://strikkforlivet.wordpress.com/

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...