søndag 7. desember 2014

Oppussing av soverom

I januar 2012 flytta eg og mannen inn på det som no er soverommet vårt. Dette ligger like ved badet, så da vi flytta inn i huset i 2010 låg vi og storebror (etterkvart også lillesøster) på de to soverommene i 1.etasje og dette rommet vart brukt til stellerom, kontor og gjesterom. Om de ser maleriene litt langt nedpå veggen i venstre hjørne er dette biletet, så er det de vi hadde rundt stellebordet slik at ungane hadde noko å sjå på når de vart stella. At de framleis hang der, nesten 2 år etter at vi var ferdige med bleiebarn seier noko om kor lite prioritert dette rommet har vore.
Skapene var spesialbygde for rommet, og var ok utnytta - men ikkje optimalt slik vi liker å ha det. Vi begynte å rydde utav 1.oktober, og rekna med å bruke ein månads tid.
Madrasser og klær i koffertar på stua i 3 veker fungerer heilt fint. Mannen sov på sofaen og eg sov på gjestesenga på rommet til storebror. Eg fikk prompepute under puta mi nokre kveldar, også vart eg flink til å liste meg mellom lego og anna rot i mørket. :) Vi sov i alle fall godt de tre vekene vi ikkje kunne sove i senga vår. Dette er faktisk den lengste periooden eg og mannen har sove frå kvarandre sidan vi flytta saman i 2003!
Rommet hadde tapet med utheva mønster. Den var limt godt fast, så mannen bestemte at han skulle rive også bygge opp med nye plater, Walls2Paint-plater. Her ser vi tydleg døra som før var mellom bad og soverom og som vart tetta igjen da vi pussa opp badet i fjor. Å rive var gøy, men det tok fleire dagar!
Her er skapet fjerna. Håjhåj - STORT ROM! Å smelle opp veggplater var heller ikkje gjort på ein dag, men de var veldig fine.
Da mannen tetta igjen der døra til badet hadde vore måtte eg lage ein lapp som vi gjømte inni. Eg la den i zip-lock-pose og skreiv litt om kven vi er og kor lenge vi har budd her. Om nokon finner denne er det jo kjekt. Om ikkje - jaja :) Lillesøster har teikna litt på lappen også.
Hemmleg lapp i veggen.
Begge ungane var innom og hjalp til å jobbe. Lillesøster vart knallgod på å knekke pinnar over kneet - som på dette biletet. Det er ein del søppel som framleis ligger i garasja. Men det er fint knekt opp altså!
Eg viste eg ville ha ein roleg farge på rommet, og fann fram til butinox sin farge "Sandstein". Vi har ikkje måla med butinox før, men den var veldig god! Det tørka fort også - så vi klarte tre strøk på ein dag!
Etter at malinga var tørr kunne vi begynne på skapet. Vi hadde valgt skap frå ikea, så det betyr bygging. Heldigvis har vi to flinke byggarar i tillegg til mannen!
Og da kunne vi flytte inn igjen. Etter tre veker. Sengegavlen er frå Living og er ny. Den er eg så fornøyd med! Senga vår er frå 2009, så den beholder vi ei stund til :)
Vi måtte tilbake til ikea to gonger for å skaffe de delane de ikkje hadde, så det tok tid å få skapet heilt i orden. Det tar også tid å installere lys inni de. Og å liste rommet. Fordi når ein har flytta inn igjen går alt litt treigare. Mannen pussa jo opp, men vi gjorde mange ting saman, og prioriterte ikkje alltid oppussing likevel. Rundt 6 veker etter at vi starta, altså for nesten tre veker sidan no - var soverommet heilt ferdig!

Lamper frå Living. Naqttbord frå ikea. Champis frå vinmonopolet ;)
Ein av mine favorittar; vi har malt den nyinnkjøpte brannslukkingsapperatet! Etter inspirasjon frå Hegemor.com som også var så snill å svare meg på mail når eg stod der på ein laurdag med våt pensel og tenkte: korleis? Denne detaljen digger eg!
Vi har ny lampe i taket frå Living, men den kjem ikkje så godt fram her. Brannalarmen er stygg, men eit must. Skap altså frå ikea :)
Her er mitt skap. 1 m og veldig høgt oppover! Heilt til taket, og eg når ikkje boksane på toppen. Lyset gjør jo alt her! Øverst, over tre store skuffer, har eg ei låg skuffe der mykje av smykkene mine ligger, sjå bilete litt lenger opp i innlegget. Her ser alt eksklusivt ut - også det eg har kjøpt for 10 kr på H&M!
Her er mannen sitt skap. Han har oppdeler på sin lille skuffe til belter etc. Han har også eigen knaggrekke til slipsene sine. Og ja. Han har nok skjorter. No som vi har budd det litt inn har han fleire ting i skuffene sine også :)

I tillegg til desse to på 1 m kvar har vi to på 50 cm. Det eine skapet er fult av skuffer, og det andre har vi til lange hengeting - bunad o.l. Vi har måtte bygd litt inn, ikea har standardstr som ikkje passa inn i våre mål, så vi har mista 23 cm på kvar side. Her er det berre hult og ingen utnytting. Men så er det andre utnytta maksimalt, så det får heller vere.

Superfornøyde - og sist helg fikk vi sove til kl.09:20! Det har kanskje meir med ungane å gjøre enn rommet, men det er likevel pretty nice :)

2 kommentarer:

  1. Hei!
    Vart du nøgd med Walls2Paint-platene? Og kan de sjå skjøtene godt? Har sjølv sett dei utstilt på Maxbo og tykte eg ikkje kunne sjå skjøtene, men har lese litt forskjellige erfaringar frå folk som har brukt dei.

    SvarSlett
  2. Hei! Beklager, eg har ikkje sett kommentaren før no. Platene var veldig fine å male på, og det er heilt jamnt. Skøytene er ei anna sak. De viser veldig godt nokon stader, og er nærmast usynleg andre stader. Rommet er ikkje heilt beint, så det var vanskelig å få platene optimale inntil kvarandre. Mannen brukte to-tre dagar, så det var mykje jobb. Men det er dyre plater - og veldig god kvalitet på sjølve platene :) Og erfarne folk klarer nok å sette de saman med usynleg skjøt vil eg tru :)

    SvarSlett

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...