mandag 8. desember 2014

Julekonsertar!

I år kjem eg til å slå alle eigne rekordar i antall julekonsertar eg skal vere med på. Ikkje på ein einaste ein skal eg delta, eg skal berre vere der og nyte! To er gjennomført, og tre gjenstår. I tillegg var vi på teater i går - ikkje jul - men ei oppleving i førjulstida likevel.
Frå ei musikkteaterforestilling vi såg i oktober.
På konserten i går kveld vart eg minna på mange julesongar som er heilt nydlege, og som eg hadde gløymt! Kimer i klokker og Angels we have heard on high. Es ist ein Ros entsprungen og This little babe. Får eg ikkje julestemning i år så er det ingen håp! ;)

Haha, berre denne setninga gjer meg julestjerner i blikket "It's the most wonderful time of the year!"

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...