fredag 16. juni 2023

Juniliv pt.1

Juni er stappfull av gode minner, og vi har berre komt halvvegs!

Ein arbeidsdag vart brukt vandrande mellom historiske bygg og kunstnarstyrte lokaler - og vi vart heilt overvelga og imponerte over kor mykje ein så liten del av ein bydel kan inneholde!
Det var Festspillene, og tradisjonen tru fikk eg med meg kun ei førestilling. Den var til gjengjeld nærmast perfekt! 
Lillesøster feira bursdagen sin i strålande sommarvær i nærmaste park saman med heile klassen. Pizza, enorme mengdar brus, chips og kake. Happy days!
Ein heilt ordinær tysdag vandra eg litt tidlegare frå jobb for å flyte aleine i ein stort badekar. Eg sovna ganske kjapt, og det var ein brutal tilbakeføring til livet utanfor! Aldri tidlegare har eg vore så glad for tunellane på veg heim! Oh mørke!!
På jobb fikk vi servert regnbogefrukost; og eg smiler framleis av ideen! Godt var det også!
Når Jon Fosse er ute med ny dramatikk er eg ikkje sein til å komme meg avgårde. Her tok det litt tid, men eg fikk sjå ein av de siste framsyningane - og storkosa meg i skogen. Her er det vanskelig å ikkje notere ned alt som var SÅ BRA, så eg ikkje gløymer det. Men eg lar det gå.
Etter mykje regn og kulde vart det i juni stabilt knallvær, og det er lyst døgnet rundt synas eg! Kveldssol frå verandaen vår.
Ein laurdag var vi på hagefestival der vi fikk smake på festivaløl, høyrt lokale musikarar, prata med naboar og slenge rundt på graset. Ganske så deilig!
deLillos hadde konsert nesten i bakgården vår, og vi hadde ei skikkelig god konsertoppleving saman med de! Kanskje tok det litt tid å slappe av oppå scena, men musikken var heilt topp! 
Overalt er det blomster, fargar og gode lukter! Disse er så fine der de vokser i grøfta! Eg har plukka de med meg heim nokre gonger, men de dør med det samme de blir plukka; så no lar eg de stå og nyter de heller der.
Sol, svart steinkjøkkenbenk og roseblader blir 90-talscomeback!
Det er ei sann glede å sykle i varmt vær! Her frå akkurat der sola kjem over fjeller på veg til jobb like etter kl.6. Det er lite trafikk og roleg morgonstemning - og verdt å stå opp for. 
Festspelutstillinga i år var nydleg! Full av kontrastar, opplevingar og rom for refleksjonar.
- og nye perspektiver! :D 
Nett som i gamla dagar pakka vi med oss grillmat og strandutstyr og køyrde direkte til stranda etter jobb og skule. Vi hadde gløymt kor mykje styr det er, kor mykje ein må pakke med seg for nokre få timar med mat og bad. Men maten var god og badet varmt - og eg kunne godt ha vore der lenger!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...