mandag 23. september 2019

Hausthelg på Kvamskogen

Tidleg i september lånte vi oss ei finfin hytte på Kvamskogen og kryssa fingrane i nokon månader for at været skulle vere så bra at vi kunne gå på fjellet. Som ein liten oase midt i dårleg-vær-hausten kom helga med både opplett, varme og solskinn!
Vi hadde plukka oss ut eit skikkelig høgt fjell som vi skulle prøve å nå toppen til. Byrkjefjellet stod på kartet med sine 1046 moh. På vegen opp snakka vi med nokon andre som sa at vi først kom til å komme til ein topp som ikkje var den eigentlige toppen, men at det var ok å seie at vi var på Byrkjefjellet der det var varde og toppbok! På vegen opp var det så tungt for nokon at vi vart enige om at den første toppen var god nok, sidan kjentsfolk sa det.
Men etter ei pause ved varden og toppboka med den neste toppen berre eit steinkast bortenfor vart vi enige om å ta den siste toppen også! Det var så dumt å vere så nær, også ikkje gå opp! Så vi spratt opp med ekstra ny og god energi i føttene - til 1046 moh! Det var det stor feiring; ungane sin første topp over 1000 meter! DET er stas! No begynner vi ikkje akkurat på havnivå når vi er på Kvamskogen, men turen var bratt og god, så det er stor respekt for turgåarar på litt kortare bein!


Vel heime i hytta måtte alt tørkast sidan vi hadde gått gjennom ein del myr. Så fin utsikt altså! Vi satte opp hengekøyecamp like ved hytta på ettermiddagen.
Lillesøster tok med seg dyna ut og sovna som ein stein. Eg la meg ut med teppe og bok, og kunne godt å sovna eg også! Det var fint å ligge i hengekøye!

Sidan det var planleggingsdag på måndagen hadde vi heile søndagen til tur også! Den dagen var det meir sol. Vi var litt tunge i beina etter o'stor fjelltur dagen før, så denne dagen gjekk vi oppover bak hyttefeltet og opp mot Bårfjellet som låg på 801 moh. Bak dette fjellet låg Botnanuten som også var over 1000 meter, så vi skulle sjå an formen på tur og sjå om vi skulle gå vidare.
Vel oppe var det vanskelig landskap å finne ut av utan skikkelig kart. Vi gjekk oppover mot Botnanuten for å finne ein fin rasteplass, og for å sjå om lysta på fleire høgdemeter kom saman med maten. Det gjorde den ikkje, så da vandra vi rundt på platået med høge stup og nydleg utsikt nedover mot Kvamskogen.
Vi stoppa ved ei elv der ungane lagde demning, vi vassa og plukka bær. Og berre satt i ro og såg mot Hardangerjøkulen. Det var så varmt og godt, vindstille, nesten ingen andre og god ro. Det er fint med slike turar også. Ja takk til litt av alt!

Takk for oss igjen Kvamskogen! Dette er tredje hyttetur og vi har hatt strålande vær kvar gong! Vi kjem nok tilbake!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...