torsdag 9. april 2015

Stoltzenyoga!

I går køyrte eg mann og barn på fotballtrening før eg køyrte til Sandviken for å rekkje Stoltzenyoga kl.18. Eg har ikkje gått opp trappene på Stoltzen sidan like etter halvmaraton i fjor. Da gjekk eg på 18 minutter hugsa eg. Eg er ikkje i like god form no, men var oppe etter 21 minutter; noko eg er fornøyd med! Men det var ikkje noko behagelig! Huff! Men knallbra trening!

Det var knallvær! Eg kom opp tidsnok til å hente igjen pusten og nyte utsikta ved Sandvikspilen før yoga starta.
Yoga varte ein time. Det er magisk å gjøre yoga ute! Med sol i anletet, vind og frisk luft! Fantastisk! Biletet over er frå kl.19.00. Da var vi ferdige og gjekk ned igjen med ein gyllen solnedgang som utsikt heile vegen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...