torsdag 7. mai 2015

Skomakerens barn

Ikkje berre er eg utdanna innan kultur og jobbar med kultur - eg synas også at (den litt dumme samlebetegnelsen) kultur er tipp-topp-tommel-opp! Ungane er med på mykje av de som skjer, og er ofte med meg på arrangement i regi av arbeidsplassen min. De blir nok ikkje som skomakerens barn (som altså ikkje har sko om du ikkje kjenner uttrykket). Ein undersøkelse eg las for nokre år tilbake viste at barn av kulturarbeidere i mindre grad utnytta det kulturelle tilbodet i byen. Eg tvilar ikkje eit sekund på at det finnast familiar som er mykje meir "kulturelle" enn oss, men vi tar altså vare på den kulturelle kapitalen til ungane våre, med glede!
I vinter var lillesøster med på Lørdagsteater på Cornerteateret. Det er generelt lite tilbod til barn under skulealder (kan det ha samanheng med kommentaren eg fikk av ein eldre kollega da eg hadde eit innlegg om dette på jobb "små barn skal vere heime med mora si"?), så når eg fikk høyre om tilbodet var eg ikkje sein om å booke plass til fireåringen vår. Seks laurdagar på rad køyrte vi til Møllenpris, og medan eg strikka og drakk kaffi, hadde lillesøster det finfint saman med andre barn av liknande opphav. Når ungane er så små er det jo foreldra som bestemmer om og kva de skal gå på - ikkje sant? I foajeen saman med meg satt kulturjournalister, skodespelarar, musikkarar og pedagogar. Det er jo interessant!
Lillesøster spelte smørblomst i eit lite teaterstykke som vart presentert for oss siste laurdagen. Nydlege små med fine kostymer! De var med på å forandre scenografien, hadde jobba med teaterstemme og fikk litt regi undervegs - heilt fantastisk! Læraren var så flink, og de små skodespelarane var kjempefine alle saman!

Etterpå var det diskotek, og eg hadde steikt ein haug med sveler til alle saman. Det må de tru var populært!
Det er ei stund sidan vi gjorde dette, avslutninga var i februar, men eg lurer på om vi skal gjøre det igjen til hausten. Det var så fint med laurdagsaktivitet. da er barnet utkvilt, og vi har masse tid. Det at mannen og storebror vaska huset medan vi var vekke var jo ein stor bonus! ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...