tirsdag 2. juni 2015

Eg *hjerte Tore!

I år rekker eg kun å få med meg ei forestilling av de x antall arrangementa som skjer i Bergen i samanheng med Festspillene. I kveld skal eg på Cornerteateret for å meske meg med noko av det beste som blir produsert i byen mellom de 7 fjell (og kanskje i heile Noreg om eg kan vere så ærleg). Tore Vagn Lid presenterer DUB Leviathan! og eg gler meg til å bli røska vekk frå den plattformen for mange DNS-oppsettingar har plassert meg på.
Eg har tidlegare øst litt av kjærleiken min til Tore Vagn Lid her. For nokre veker sidan hadde eg eit morgonmøte i sentrum, og da eg gjekk forbi Litteraturhuset sånn litt på halv ni ein torsdags morgon kom altså den fantastiske Tore gåande imot meg. Kun meg og han i heile gata, og eg vart så starstruck! Eg viste ikkje om eg skulle stoppe han og be han om å ta ein selfi med meg, eller om eg skulle la han vere. Eg lot han vere, i den tru at han sikkert gjekk å tenkte på kvar han skal dra scenespråket ved neste høve.

Haha, sikkert! Han var nok berre trøtt. Men er det nokon eg vil ha selfi med, så er det han. Og Åse Kleveland som eg gjekk forbi etter opninga av Festspillene sist veke. Så nært, men så veldig "eg berre latar som om det er HEILT naturleg for meg å gå forbi DEG, og derfor lar eg deg vere i fred"!

:D

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...