mandag 1. juni 2015

Joggelykke

For rundt 10 år sidan - og i fleire år før og etter det - tenkte eg at jogging var kjedelig. Eg argumenterte høglytt "Når eg ser på joggarar, så SER de ikkje lykklege ut! De smiler jo aldri!" No veit eg at ein kan føle seg lykkleg utan at ein har eit smil som går heile vegen rundt, på samme måte som at ein kan vere ulykkleg med eit stort smil klistra overbevisande på plass. Lykken henger saman med korleis vi har det inni oss. Og om eg ikkje smilar og stråler når eg jogger, så eg er VELDIG VELDIG lykkleg mens eg gjør det. Ikkje heile tida, men mykje av tida.

Tida eg bruker på trening er nesten den einaste tida iløpet av ein dag der eg ikkje må/bør smile. Der eg ikkje må vere høfleg og profesjonell som på jobb, interessert og tolmodig som når eg er heime. Alltid med smil og eit (indre) behov for overskot for menneska eg har med å gjøre. Dette gjør eg med ekte glede, men eg gler meg samtidig til den stunda da eg skal jogge av gårde med dårlig (god!) musikk på øyrene, og "ingen som ser meg". I alle fall ser de meg berre litt før eg forsvinner. Eg tar meg i å smile til folk når eg joggar, og det synas eg er hyggleg - men eg trenger ikkje å gjøre det.
Eit stort glass vatn i kveldssola bak huset!
I går jogga eg ein tur i kveldssola. Eg var så lykkleg mellom 2 og 4 km at eg hadde lyst å hoppe og juble, men sparte klokleg nok energien min til siste del av joggeturen. :) Ingen såg nok kor lykkleg eg var akkurat da, med Missy Elliott "Work it" rett inn i øyret! Og det er heilt finfint!
Svett og veldig glad!
Korleis gjekk det å kombinere 5,5 km med 120 knebøy? Det gjekk heilt fint. Ikkje har eg gangsperre i dag heller (sukk). I dag er det "ekstremvær" i Bergen, dvs regn og vind. Eg er så glad for at eg jogga meg ut i går, sjå den blå himmelen som var over meg etter joggeturen! Very nice! No er nok ei veke i gang - det kan holde hardt å kjenne på joggelykka ut denne travle veka, men eg håpar eg får tid til litt "sleppe å vere så j**** omgjengelig heile tida" og komme meg ut på tur :)

1 kommentar:

  1. Haha jeg løper nok ikke rundt og smiler jeg heller, men for en lykkefølelse det kan gi.

    SvarSlett

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...