søndag 7. juni 2015

Neglelakkpremiering

Lillesøster biter negler. Enn så lenge biter ho kun av de som er blitt lange, men eg vil heller at ho skal klippe de av for at det ikkje skal bli ei vane. Det er nok alt ei vane, som vi prøver å få ho vekk frå. Forsøk nummer ein har vore i gong ei stund: vi lokkar med neglelakk!
Ho får neglelakk på den fingrane vi klipper negla på; og når det er ein del - så får ho ein av neglelakkane mine som ho får ha i si eiga lille veske. Veskal hennes ligger saman med mine neglelakkar, så ho har ikkje kontroll på den, men den er hennes.
Det er jo ikkje ein utelukkande suksess enda. Ho gløymer at ho eigentlig skal spare, så det går lenge mellom kvar gong vi kan lakkere neglene hennes. No har ho tre neglelakkar i veska si - alle rosa - så det tar tid. Ei stund hadde de ei ansatt i barnehagen som hadde lange (falske) negler som lillesøster synas var heilt nydleg, så da gjekk det fint ei stund. Men no har den langnegla ansatte fått baby og er heime heilt til lillesøster begynner på skulen til neste år, så jakta på den indre motivasjonen fortsetter...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...