mandag 8. juni 2015

Scones

Da eg studerte på universitetet i Bergen hadde eg fleire studievenninner som levde for scones som de kjøpte i kantina på HF-fakultetet. Eg synas de var tørre og smaklause, men har likevel prøvd å bake ulike slag seinare for å prøve å finne ei oppskrift som gjer gode bakverk.

Noko av det fine med scones er at de er bakt med bakepulver - ikkje gjær - noko som betyr at ein kan smelle ihop røra medan ovnen blir varm, så det er mogleg å servere heimebakte "bollar" ganske så raskt!

Desse lagde eg ein laurdag vi hadde gjestar til lunch - og de er de beste scones eg har smakt! Også mannen likte de veldig godt, og han likar vanlegvis ikkje tørka frukt - så noko for alle altså!

3 1/2 dl kveitemjøl
3 1/2 dl grovt sammalt hvete
1 dl havrekli
1 dl grovhakka nøtter (eg brukte usalta cashewnøtter)
3 ts bakepulver
1 ts salt
2 ts sukker
1/2 dl tørka aprikos i strimlar
50 gr kesam original
5 dl skumma kulturmjølk

Rør saman og klæsj på steikebrett. Eg la de i muffinspapirformer. Steik i omnen på 250 gr i 10-15 minutt. Nyt!


Her er de kalde som kveldsmat saman med yoghurt naturell og kesam pasjonsfrukt med blåbær. MMMM!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...