fredag 5. juni 2015

Sommarfuglar

I ei hylle merka "5 kr" fann eg nokre boksar med "Gjør det sjølv"sommarfuglar på nille. Lenge låg boksane i beredskap til ein regnfull ettermiddag med sure unger. Plutselig ein måndag var dagen der, og medan mannen gjekk i dusjen satte eg de i gang med kvar sin boks - i den tru at eg da kunne leggje meg på sofaen litt.

Etter at eg hadde forklart kva de skulle gjøre var eg alt på veg inn på stua da storebror ropte "Mamma, eg får ikkje ut noko glitterlim!"
Dette var jo boksar som var "gått ut på dato", så eg tenkte at glitterlimen sikkert berre var litt tjukk, eller at det hadde stivna ein liten propp i tuppen. Eg tok glitterlimen, snudde den med tuppen mot meg for å sjå - og trykte litt hardt.

SPRUT!

Rett i auget! Eg sprang på badet for å skylle medan eg gravde ut glitterlim med begge hendene. Storebror kom rett etter, tok flaska frå meg og sa "Ånei, mamma, du brukte all glitterlimen". På telefon med legevakta sa de at eg måtte skylle og skylle, også måtte eg komme rett ned. Da eg kom inn på legevakta synes de veldig synd på meg; "glitterlim i auget, huff" sa de. Eg drog den obligatoriske "Ja, no går eg ein glitrande framtid i møte" og hausta meir (sjukepleier)latter for den enn eg skulle tru.
Fine, men dyrkjøpte!
Eg vart prioritert rett på eige rom der eg fikk skylleflaske og skylte i 15 nye minutter. Legen kom og sjekka, og auget var heilt fint. Ingen etsing, ingen glitterrestar. Eg vart kalla for "mønsterpasient" (fiksa meg sjølv veit du!) og vart sendt heim med nokre augedråpar.

Dette er jo mildversjonen av Månepulver-episoden som også var noko billig rask eg fann i ei eske ein stad, og som førte til oversvømmelse og kr.80.000,- til tørking og fornying av isolasjon og tak i halve huset. Når skal eg lære?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...