torsdag 4. juni 2015

pukka

Det er haustvær. Storebror spelar fotballkamp med ull og hanskar. Tjukk hue og raude kinn. Tesesongen er ikkje over. Og godt er det, for eg er heilt hekta på det som er å oppdrive av te med lakrissmak!
Come to mama!
Eg har bemla i meg fleire koppar de siste månadane enn de siste åra tilsaman; og denne frå pukka forsvant på få veker. Mmmmm! Alt eg har smakt frå pukka har vore veldig godt, eit anna trygt val er yogi. Her får ein også eit visdomsord på teposen; nok kvardagsglede til at det er ekstra stas å lage seg ein kopp! I følge værmeldinga skal det bli bra vær i morgon, noko som passar fint sidan det er sommarfest i barnehagen. Og litt sol er så absolutt på sin plass! Om ikkje anna så for å få journalistane i BT og BA til å skrive om noko anna enn kor deprimerte vi blir når det er så kaldt og surt ute!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...