fredag 24. februar 2017

DNS

Etter jobb og skule i dag skunder vi oss heim for å skifte frå karnevalkostymer (det har vore karneval på skulen i dag) til vanlege klær - og rett ut igjen, for klokka 16:30 skal vi på publikumsprøve på DNS. Vi skal sjå Danny og den store fasanjakten som har premiere 1.mars. Storebror har lest boka fleire gonger, så han gler seg ekstra mykje! Eg har faktisk aldri lest den, og eg har lest nesten alt av Roald Dahl! Smekk på fingeren der altså!
Men eg er sikker på at det er kjempebra, de brukar å vere veldig gode med barneforestillingane på DNS! Det er Petter Næss som er regissør, og eg har sett nokon klipp frå prøvetida - dette blir bra!

Etterpå skal mannen rett på konsert medan eg skal køyre lillesøster på overnattingsbesøk før eg og storebror setter snuten heimover til ein stille kveld i tosomhet. Ein bra fredag!

4 kommentarer:

  1. hva syntes dere om stykket?? er det verd å få med seg for en 1. og 2. klassing?

    SvarSlett
    Svar
    1. Kjempebra! Morsomt og veldig spanande! Eg trur 3.klassingen vår fikk med seg meir, men 1.klassingen likte det veldig godt ho også, og vil lese boka☺

      Slett
    2. Jippi!! Da må den sees!

      Slett
  2. kremt. ser det er idag.. vel, gi en rapport når dere har sett den!

    SvarSlett

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...