onsdag 13. mars 2013

Barnehagetrøbbel og solgt barndom

Finaste hjartejordbæret!
Det er ein gut i barnehagen som etter at sterkare gutar har slutta og begynt på skule no har blitt ein ramp. Han vel å bruke tida si på å slå, dytte, plage og knuffe på de andre. Men han kan også leike fint og roleg - da gjerne saman med storebror. Når de to leikar saman har de det ofte veldig gøyt, og de får som einaste i barnehagen lov å leike aleine på eit av de små grupperommene. Fordi de leikar så fint. No veit eg ikkje kva som har skjedd - men det verkar som om storebror ikkje lenger ønskjer å leike saman med denne guten. Sjølv om de var vennar har også storebror blitt utsatt for ymse, og han har kanskje fått nok. No leikar de nesten ikkje saman lenger, noko som har ført til at guten trakker etter storebror og plager han. Drar han i genseren, seier at han skal hoppe på oss og lillesøster slik at vi dør, slår han med pinner også vidare. De ansatte i barnehagen er klar over at det skjer og passar på - men får ikkje med seg alt. Storebror seier at guten er "full av tullete tankar i hovudet sitt" og er meir eller mindre likgyldig til masse av det som blir sagt og gjort. Dette synes vi er veldig vanskelig, særleg fordi de ikkje ein gong har fylt fem år. Denne guten; han veit kva han gjør, men han er så umoden at eg får vondt av han. No ser vi at han går aleine rundt i barnehagen, ingen vil leike med han. Men, som mor, når eg leverte storebror i dag og han knapt hadde komt inn døra før han kom grinande bort til meg fordi guten hadde kløpe han i puppen; då kjenner eg at eg får lyst å ta med meg storebror vekk - dette kan jo ikkje fortsette! Dette som kanskje berre er eit utrykk frå denne guten om at han ønskjer å leike med storebror, få positiv merksemd slik han fikk når de var vennar, men som kjem så feil ut! Storebror fyller snart fem år og har sagt at han ikkje vil at denne guten skal bli invitert. Men det må han bli, og eg må gjennta gong på gong at han kjem til å oppføre seg fint i burdagen, og gjør han noko som ikkje er lov klarer eg å stoppe han. Det er ikkje slik det skal vere!

Som om det ikkje er nok med bølling i barnehagen dreiv eg med litt bølling i går. Storebror har ein Ole Brum-gåbil med masse lydar som han fikk til eittårsdagen sin. Den vart solgt i går for ein femtilapp og vi har hatt fleire hysteriske grinetokter "NO HAR JEG INGEN BIIIIIL LENGER!". Stakkars! Han har sjølvsagt fått lappen og skal kjøpe seg noko lego for den. Vi har solgt det meste vi har av babyutstyr i det siste, så når han ikkje finner noko kjem han spørjande "har du solgt det?" - noko som vi eit par gongar har måtte sagt ja til. Stakkars, stakkars!


huff

tirsdag 12. mars 2013

Valentinesfrukostmatpakke

 Bananmuffins med biola er sunne og gode muffins utan sukker (utanom det som er i biolaen). Desse baker vi ofte når vi har overmodne bananer - hvist vi ikkje lager smoothie da. 1.5 dl. kveitemjøl, 1 dl sammalt hvete, 1 dl havregryn, 1 ts bakepulver, 0.75 dl nøytral olje, 2 egg, 1.5 dl biola og tre veldig modne bananer som er blitt mosa. Miks og hell i 15 vanlege muffinsformer. Steik på 200 grader i 15 minutter - nam!
Her er valentinesfrukostmatpakka til lillesøster:)

I dag trenger eg ekstra lov'n care - eg skal på trening igjen for første gong sidan sjukdom tok over livet. Eg er (nesten) heilt frisk, men energien er ikkje heilt tilbake enda; noko som ifølge nettet er vanleg etter influensa. Ein runde på spinningssykkelen i kveld bør hjelpe på det:) I dag vokna vi foresten til snø - whats up with that??

mandag 11. mars 2013

Salami og Shredded Wheat

Vi har fått prøve to nye produkter gjennom LikenShare - Grilstad Supersalami pålegg og Shredded Wheat frukostblanding. For å ta furukostblandinga først - ein suksess! Storebror elsker den, spiser den saman med yoghurt, aleine som snacks eller som ein del av frukosten sin. Eg har smakt nokon, og de smaker nesten som snop. Det er ikkje rart de er populære! Lillesøster kan styre sonm begeistring - ho er framleis i Cheerioshumør:)

<iframe src="http://www.youtube.com/embed/H6jRqZlCANo?ref=19688" width="420" height="315" frameborder="0" allowfullscreen></iframe>

Lukta av salami minner meg om barndommen - særleg naboen som hadde to jenter eg leika masse med og av den grunn også spiste fleire brødmåltider saman med. Mora i huset laga verdens beste brød, og på bordet hadde de alltid ein Tuppewareboks med salami. Av ein eller anne grunn minner lukta av salami meg om desse måltidene; gode minner altså! Eg er veldig glad i salami, og denne var like god som anna salami eg har smakt. Også lukta den heeeiiilt riktig:)

I kveld skal det derimot bli andre boller på matfronten! Eg og mannen skal på teater, og skal til og med spise noko først! Ein skikkelig datenight! For første gong sidan bryllupsreisa i 2009! Middag på resturant også teater - åh som eg gler meg!!! Dette er tredje dag på rad eg er på teater - i helga var eg og storebror på teater både laurdag og søndag etter fjellturen. Denne gongen er det voksenteater - Shakespeare - forandring fryder:)

søndag 10. mars 2013

Søndag, sol og fjelltur!

For ein gongs skuld har eg rykandes ferske bileter på dele! I dag har vi vore på Kvamskogen og storkosa oss i skikkelig nydelig vintervær! Sol frå skyfri himmel - gøye aktivitetar og smil i alle retningar!
 Vi fikk prøve hundeslede - det var kjempegøyt! Eg har eit søskenbarn som deltek i Finnmarksløpet, og sjølv om det kanskje ikkje er heilt samanliknbart, var det veldig gøy å prøve noko som eg godt forstår at kan vere ein lidenskap!
Vi fikk køyre scooter opp til toalettet - nice:)
 Etter å ha spist grilla pølser, medbrakt niste og kakao i oppvarma lavo hadde vi det hysterisk morsomt i akebakken - eller bølga som vi kalla den. Her var det masse utstyr vi kunne låne og skli på - mellom anna ei madrass der alle fire fikk plass.
Vi sprang opp og sklei ned igjen i over ein time - utruleg gøy! Det var flott å utnytte soldagen på denne måten! Og vi er heldige som fikk vere med - dette er eit arrangement jobben min har som tilbod til ei spesiell gruppe som vi ikkje fell inn under - men så fikk vi vere med i dag og prøve likevel. Og gjett om vi vil gjøre dette neste år også!:D

fredag 8. mars 2013

Eit svart sinn...

"Lillesøster - vil du male?"
"Ja!"
Og da blir det sjåande slik ut. Veldig, veldig svart.
Dupp i vatn, snurre i svartmaling, male eit lite felt. Repeter til heile arket er svart. Det tar nesten ein halv time nitidig arbeid før ho er i mål.

 "Se!"
 "Åj, du har brukt masse svart. Skal vi la det tørke her?"
"Ja, fedi no."

Kast. I. Bosset.

Ha ei flott helg! Med resirkulering!

torsdag 7. mars 2013

Kvit Sjokolade Panna Cotta

 På bursdagen til mannen hadde vi invitert på komlemiddag og dessert.
 Etter å ha spist uante mengder potet, mjøl, bacon, røykt gris og gulerøtter (nam!) serverte eg Kvit Sjokolade Panna Cotta med Blåbærtopping. GRUELEG fancysmancy - og ein bra avsluttning på eit tungt måltid.
3 gelantinplater blir lagt i kaldt vatn medan du koker opp 5 dl kremfløyte og frøene frå ei vaniljestang. Når fløyta er kokt opp tilsetter du gelantinplatene, 100 gr kvit sjokolade og ei spiseskei sukker. Rør godt rundt før du lar det stå på ei kald plate og roe seg kraftig ned i 20 minutter. Sil opp i serveringsskåler og la det stivne i kjøleskap i 4 timer eller over natta. Vi sakna bærsaus. Dette vart veldig søtt - og veldig godt - men kontraster er vel å foretrekke i matvegen.

onsdag 6. mars 2013

Influensa

Det skjedde jo det som måtte skje. At fruen i huset knakk saman etter å ha sussa snørrete barnekinn, tatt feil vannglass og endt opp med å drikke i seg litt av mannen sine basseluskar saman med halvlunka vatn og knuffa i den samme sofaen. Etter ein time på jobb på fredag måtte eg kaste inn håndkleet og køyre heim og stupe i seng. Og der vart er verande til laurdags kveld - badande i eigen sveitte og med kuldegysningar som minna om rier. Eg begynte til slutt å lure på om nokon hadde ei vodoo-dukke av meg som de vekselvis kokte og la i frysaren.
Finaste pusefotsporene i snøen:)
Så lenge sjuk har eg knapt vore før. Kroppen er heilt utslitt, eg blir andpusen av å gå opp trappa heime - og maten smakar framleis litt sånn søtt og rart. Men feberen er vekke, og eg har klart å skrive alt dette. Det er vel bra?

No må eg berre hive meg på livet igjen - for mykje kjekt er i vente! Og no er eg endelig så pass at eg kan gjøre det eg må. Også får eg vere fornøyd med det medan eg ventar på at energien kjem sigande.

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...