fredag 3. august 2012

Piknik-kurv

Få ting er så koselig som ein piknikkurv. Sjølv om det strengt tatt ikkje er noko piknik-mat i den.
Eg fann ein på loppemarknad for snart eit år sidan. Den inneholdt ymse utstyr, noko har eg kasta. De rosa, styggsøte eggeglassene kunne eg ikkje kaste, sjølv om eg ikkje trur at vi kjem til å bruke de.
Den har vore med oss på camping-ferie; der vi såg at den nok er for gammal og rusta i skruane til at vi kan bruke den fleire år. Men den var i alle fall knasen - så lenge det varte:)

I går køyrte vi frå Utvika Camping og heile vegen til Bergen. Ungane oppførte seg eksemplarisk (med nokre unntak), så det vart ein fin tur. Her heime ventar kultivering av årets rips - som har blitt godt modne og spist på at fuglar - dermed er det ikkje mykje igjen, men nok for eit års forbruk. Det er meldt godt vær i helga og utover dagen . så vi er klare til å setje i gang! Ei veke til med ferie - JIPPI!!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...