torsdag 8. august 2013

Sommarferie - Karlstad

Vi forlot campingplassen og badestranda med tungt hjarte laurdag 19.juli. Hadde vi kunne velge hadde vi vore der mykje lengre. Men hytte var booka hos søta bror, så ha det Noreg og tjenare Sverige. Vi stoppa sjølvsagt på grensa og handla juiceboksar, brusboksar og snop. Halvanna time inn i landet kom vi til Karlsberg der vi hadde bestilt ei rød stuga i tre netter. Ein kjempestor campingplass og mykje plass (utanfor den lille hytta som vi lånte) - og badestrand! Når vi først var komt fram var vi glade for at vi hadde valgt å reise dit; og Karlstad vil vi absolutt tilbake til!

 Flatt, flatt, flatt! Her er vi på veg til bading i den største innsjøen i Sverige (og den tredje største i Europa) Vänern. Hytta vår låg midt på ein open plass, noko som betydde at vi vart vekt av sol i augene kl.04.09 kvar morgon. Vi vart etterkvart flinke til å dekkje til vindauga med dynene som låg i hyttene (vi hadde med eigne dyner) slik at det var mørsk litt lengre. Varmen var det derimot ikkje så mykje å gjøre med. Men frukost før kl.09 i 25 varmegrader er så flott at å bade i svette om natta er litt ok.
Da vi var i Sverige for to år sidan hadde vi med eit oppblåsbart golfsett som vi brukte i ti minutter ein dag. Dette første til at storebror fortalte med store auger at "Vi har spilt golf i Sverige i sommar" til alle i barnehagen. Det høyres jo unektleg fancy ut! I år prøvde vi oss på minigolf i staden. Storebror tok alle banene og slo og slo - opptil 20 slag før han fikk ballen i holet! Ti poeng for utholdenhet! Lillesøster prøvde to baner, så kasta ho kølla og sa "Denne trenger jeg ikke." Eg fikk ein "hole in one" (på bane nummer to), og mannen gjorde sitt beste med å følgje etter. Minigolf er gøy, men eg trur vi må vente litt lengre før vi kan spele med skikkelig telling og reglar.
Storebror var flink å få seg leikekameratar i sommar. Her er han på hoppeputa på campingen saman med ein gut som synas at springing og rulling var like kjekt som han!


Ettermiddagssol i Karlstad. Vi er på leikeplassen på campingen. Eg og mannen ligger i graset og slapper av medan ungane leikar med kvarandre og andre rundt oss. Fantastisk!

Dette er feriehandlelista si det:)

Vi vart tipsa om Mariebergsskogen av broren min som var vore i Karlstad fleire gonger. Også på campingen anbefalte de ein tur dit. Kun ti minutter unna låg denne lille perla - perfekt for småbarnsfamilier med masse ulike leikeplassar, badestrand, spisestader, gode toalettmoglegheiter, stiar i skogen, tog og ein besøksgard. Vi kjøpte lunch her og åt den på stranda inne i parken. Knallgod mat!
Dette gjorde ungane i ein heil time - fram og tilbake!

Det var så kjekt her at vi reiste tilbake den dagen vi skulle køyre heim til Noreg igjen. Her er vi på bondegården og helsar på høne og hane.

Vi var så heldige at vi såg eit lite ekorn!
Også her kunne vi ha vore mykje lengre, men no hadde vi booka hotell i Oslo i tre netter. Etter ein formiddag i Mariebergsskogen køyrte vi til grensa og åt middag før vi køyrte til Oslo. Det tok heile dagen - og på dette tidpunktet var ungane skikkelig leie av å køyre bil! Neste år skal vi vere på færre plassar - og lengre tid kvar plass!

Hej då Sverige!

1 kommentar:

  1. Så kjekt å lese om ferien deres! Vi var i Karlstad for 2 år siden. Vi likte oss også godt der!
    Kjekt at du vil være med på giveawayen min! :-)
    Klem fra Stine

    SvarSlett

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...