onsdag 18. september 2013

Kameratbesøk

Berre det å få maten servert ein annan stad enn heime er jo stas!
I går hadde storebror med seg ein kamerat heim frå barnehagen. Vennen har vore hos oss fleire gongar før, og gjerne på ettermiddagstid slik at han spiser kveldsmat hos oss før han blir henta. Det er tydleg at vi spiser andre ting enn han er vandt med heime, for han er så interessert i måltidene våre!

I går åt han ikkje mindre enn tre store posjoner med heimelage lasagne ("slik lasagne har ikkje vi heime") - og det samtidig som han prata og prata og prata. (Biletet over er ikkje tatt i går. Her hadde det sikkert vore "slik bruker ikkje mamma å servere gulerøttene" Jafs, jafs!) Når han har vore på besøk tidlegare har eg høyrt at han spør storebror "er det mat snart?". Kan vere han er veldig sulten, men eg trur verkleg ikkje det.

Eg hugser sjølv kor spanande det var å spise hos vennane mine. Anna kjøkken, andre fat, andre glass, kanskje ein anna type juice i kjøleskapet, ein anna mamma som smurte på skivene - stas! Det at vi ofte spiser frukostblanding med yoghurt til kveldsmat er tydlegvis litt annleis, her har alle ungane vi har hatt på kveldsmatbesøk blitt litt store i augene - og spist kjempemasse.

Slike ting synes eg er veldig artig!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...