lørdag 7. september 2013

Kvarven Fort

Siste rest av sommaren?
Strategisk plassert med nydleg utsikt over innseglinga til Bergen ligger Kvarven Fort. Bygd mellom 1895 og 1899 var det i utgangspunktet satt opp som vern mot Sverige. Ein frykta ein voldleg oppløysing av unionen, så midler vart satt av til opprusting av kystforsvaret. Under 2.verdenskrig var fortet bemanna av tyskere, som ein viktig del av Festung Bergen. I desse årene vart fortet utvida og modernisert. På 1990-talet var området opna som eit freda kulturområde. Einfinværssøndag i slutten av august parkerte vi ved Nutec, og spaserte opp til fortet i strålande sol! Massevis av bringebær langs vegen - det var godt (men ikkje nok) med pådrivarar opp langs vegen!
Vel oppe måtte vi tine siste rest av fryste heimelaga pizzastykker i solsteiken før vi kunne spise lunch. Godt med noko anna til turlunch, også hadde vi jo fantastisk utsikt der oppe! Å vente på at mat tiner i sola er eigentlig undervurdert som mindfullness-øvelse!
Denne kanonen er frå 1914, og hadde til vår glede ei lita nøtt der kanonkula skal ligge:)
Det var spanande å få sitte inni! Storebror ville ikkje sitte der fordi "Da må eg flytte med hvist han som eiger kanonen kjem og må sitte der". Slike områder som Kvarven er utgangspunkt for gode og viktige samtaler om krig - for å binde våre heimeområder tettare til andre mennesker sine heimeområder som lider i krigar som er i dag. Storebror er veldig opptatt av, i slike samtaler, at det ikkje kjem til å falle kanonkuler på vegen mellom huset vårt og barnehagen. "Vi er trygge når vi går der." seier han.
Eit lite hus med tjukke vegger i betong var satt opp like bak denne kanonen. Vi snakka om korleis det var å vere her - kanskje om  vinteren. Følte de seg trygge fordi veggane var så tjukke?
Storebror med sine 116 cm klarte akkurat å stå oppreist i døropninga!
Hausten er på veg :)

Dette er eit spanande område. Vi var her under Familiedagen, og fikk derfor utdelt både informasjon og kart over området. Vi fikk ikkje sjå alt som var der på denne turen, så vi skal tilbake. Neste laurdag, under Lyderhorn Opp, går vi forbi Kvarven igjen på vegen opp på fjellet. Storebror var veldig fasinert og ønskjer å stikke innom på veg opp eller ned frå Lyderhorn. Det skal vi nok få til! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...