mandag 9. september 2013

Stoltzen

Hyppige bringebærplukkestopp i Fjellveien
I august tok vi ungane med på turen over alle turar - Stoltzen. Da vi gjekk alle 7 byfjellene for første gong sommaren 2009 var det denne turen som går opp på Sandviksfjellet (383 moh) som var den tøffaste. Vi har ikkje gått Stoltzen igjen etter 2009, så no var det på tide igjen. Lillesøster sin første tur opp, og storebror sin første tur opp på eigne bein. I 2012 gjekk Stoltzen igjennom betydleg rehablitering, så vi var også spente på å sjå kor fint det var blitt der.
Vi parkerte ved Sandviken Sjukehus og gjekk langs Fjellveien bort til startporten for Stoltzekleiven. Heile tida har vi fantastisk utsikt over de gamle husene i Sandviken.
Det hadde blitt så flott i løypa! Stoltzen består av rundt 800 trappetrinn i varierande høgde som går over 300 høgdemeter. Dette biletet er tatt heilt i starten av løypa opp, her er det lette, små trinn. Dette var få helger før "Stoltzen Opp" som er eit halvt berykta motbakkeløp; så etterkvart vart det fult av trimmarar i løypa oppover. Storebror fikk masse merksemd for at han gjekk heilt sjølv, og han flaug oppover trappetrinnene! De siste 98 trinnene (vi talte) gjekk eg og han saman; da begynte han å bli litt sliten. Lillesøster gjekk halve vegen opp!
Vel oppe fikk ungane skrive seg inn i ei turbok for barn. De var de yngset opp denne dagen. I dag har vi også gått på fjelltur opp på eit lite fjell like ved der vi bur. Lillesøster har blitt så mykje flinkare å gå på steinete stiar i sommar! Det er verkleg kjekt å gå på tur med desse to! Det er planleggingsdag, så å bruke formiddagen på tur med lunch, kakao og haugevis av tid til å sjå på soppar er heilt perfekt! No står bolledeigen til heving, ungane ser Dora på DVD, og mor har te og nett-pause. Ein flott dag! Håper også at du har det bra - og hugs å stemme i dag! Spanande!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...