lørdag 14. september 2013

Verdens beste knekkebrød

Snop!
Vi spiser masse knekkebrød, og utan tvil er det dei heimelage - dei med masse korn og smak - som er best! Eg har prøvd fleire ulike oppskrifter som har smakt godt, men som har vore vanskelige å få crispy nok. Når det blir for mykje arbeid med å mellom anna få de tynne nok på plata gidder eg ikkje å lage det fleire gongar. Med mindre smaken og sprøheten er på plass.

I sommar åt vi middag på Lysaker Gjestgiveri, og mannen min bestilte ein lokal type av brennsnut/lapskaus med fire ulike slag heimebaka brød til. Det eine brødet var knekkebrød - og det beste eg har smakt nokon sinne! (Eg og mannen smaker alltid på kvarandre sin mat - han fikk smake burger med fetakrem av meg) Frekk som eg er spurte eg servitøren om det var mogleg å få oppskrifta. Han svarte først at nei, det kunne eg desverre ikkje få, men etter ei stund kom han tilbake med eit "ok, hovmesteren seier at du kan få den likevel"!
På eit flott dreia stettfat som eg fikk til 30-årsdagen min.
Derfor og slikleis fikk eg oppskrifta på det som utam tvil er verdens beste knekkebrød! Ikkje for mykje arbeid, sprø heilt til det er blitt spist opp og smak som gjer at ein spiser ein til og ein til og ein til! Og fordi den er hemmeleg (har eg valgt å tru) kan eg ikkje leggje den ut her. Men de er velkomne på besøk, så skal de få smake :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...