mandag 5. januar 2015

Nytt år!

 - og DER var kvardagen i gang! Vi er heilt klare alle saman! Vi gler oss til 2015 og er sikker på at året blir minst like bra som 2014! Vi har alt vore på årets første fjelltur med roser i kinnene og kalde øyreflippar! Vi trossa gamle og kjente løyper og oppdaga nye deler av nabolaget i går - kjempegøy! Også var det så godt å komme inn igjen etterpå!

Lillesøster teikna "Familien på tur" i desember. Vi går ofte på tur ;)
Vi har gode planar for året! Vi brukar å ha Familienyttårsforsett, og i år er det "å ha fleire kvardagsmiddagar". Altså middagsbesøk av venner midt i veka. Det har vi gjort litt av før og er ein flott måte å "få tid" til å prate med venner utan at det skal ta ein heil helgedag. Slik håpar vi at vi får meir tid til å henge med alle de flotte folkene som vi kjenner og vil bruke meir tid saman med! Og sidan det er middagsgjestar på ein tysdag er det ingen som forventer noko anna enn kvardagsmat!

Eg har også eit nyttårsforsett - men eit som berre skal vare i ein månad. I heile januar skal eg holde med unna vg.no og dagbladet.no. Utan å gå inn på heile forklaringa her så er det ein tidstyv som berre skremmer meg og irriterer meg - noko eg klarer meg FINT utan! Eg håpar eg bryter ei uvane no i januar, og at eg knapt nok kjem til å gidde å klikke meg inn når månaden er over.

Ellers håpar vi på å få bakt meir brød i år enn de siste åra (livet er for kort til å spise dårleg brød). Men det er ikkje eit fortsett, meir eit ønske :) Ha ein riktig fin kvardagsmåndag - den første i året!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...