tirsdag 6. januar 2015

Kjøpestopp?

Det florerer med fortsetter i desse dager - snop og kjøtt og brus og unødvendige innkjøp. Vi har nokre store ugifter på huset på vent, så om vi ikkje skal stoppe med noko, så skal vi i alle fall fortsette å vere nøkterne.

Mannen min seier at eg fortsatt tenkjer som ein student på halvt studielån, så det kjem heilt naturleg!

Derfor (eller berre fordi eg ville sette eit poeng for ungane) satt eg i går på morgonen og sydde igjen eit hol i strømpebuksa mi. Medan eg hadde den på (sidan eg ikkje såg holet før etter at eg hadde tatt den på, og da gadd eg ikkje å ta den av igjen.). Da, når klokka er 07:15 måndag 5.januar, var desse på sin plass:
Sysett frå hotellet vi låg på i Berlin. Ikkje eit kva som helst sysett heller, men eit som nokon hadde tredd nålene for meg først!
Er ikkje dette happy day så veit ikkje eg! Eg gjekk for grøn tråd sjølv om strømpikken var svart. Eg liker at det viser skikkelig godt at eg har sydd den. Katching! Penger rett i kassa dette! ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...