lørdag 4. april 2015

Skogstur på den smale sti

Etter at vi dessverre brukte morgonen på butikken, og etter at påskeharen hadde vore her med egg til ungane ("Du og pappa fikk ingen egg i år. Det gjorde de i fjor, så kvifor ikkje denne gongen?" Ups, eg har litt å hente på kontinuitet...), pakka vi tursekken og gjekk ut. Ikkje så langt unna oss ligger ein stor skog med god traktorveg som vi ofte går på. Vi gjekk 3.6 km til ei idyllisk vik der vi grilla pølser på bål til middag. Også skulle vi prøve å gå stien tilbake, for det gjorde eg med jobben for tre år sidan.
Det var jo sti heile vegen. Eit heilt nettverk av stiar som gjekk i alle retningar. Det var spanande og gøy! Den første halvanna timen! Stien gjekk gjennom myrområder, opp og ned, over elv og under rotvelt. Kvar gong vi kom oppå ein topp var det "ser vi kvar vi er no?" og kvar gong vart det nei - vi ser berre skog og eit nytt høgdedrag.

Heldigvis gjekk vi langs eit vatn. Det samme vatnet som eg joggar langs. Så vi viste at så lenge vi fulgte stien i nærleiken ville vi komme til sivilisasjonen,  før eller seinare. Det gjorde vi også og eg vart veldig glad da vi omsider såg grusveg igjen, kliss våt på føttene som eg og ungane var blitt. Vi hadde det (sett med etterkantauger) skikkelig gøy på eventyrtur innimellom gongane da eg lurte på kvifor i alle dagar eg sa at vi kunne prøve stien.

Til slutt tikka vi inn på i overkant av 8 km, ein skikkelig skogstur altså! Enkelte kan spise påskesnop med god samvit i kveld!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...