torsdag 1. september 2016

Haust

I går spiste vi is til dessert sidan det var "siste sommardagen" som storebror argumenterte med. Det kjennes som om det har vore haust sidan vi begynte på jobb igjen 1.august, men no er altså haustmånaden her. Neste veke er alt i gang på skikkelig - det har vore ein treig oppstart på mange måtar. Det har komt nye puslespelbrikker til kvar veke. Eg er sikker på at vekene kjem til å fly av gårde!
I haust har eg fått muligheten til å vere ein del av ei testgruppe som skal trene saman ein gong i veka saman med ein trenar som vil prøve ut eit opplegg i som ligger i kryssningspunktet yoga/kiropraktikk. Dette er kjempespanande og første trening er i kveld. Eg gler meg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...