torsdag 8. september 2016

Puste - kvar dag

I dag skal eg tilbake til yoga-kiropraktorundervisninga som eg skal vere med på de neste tre månadane. Det er eit prøvekurs, der læraren/trenaren vår skal sjekke ut det nye konseptet med deltakarar. Ein del av treninga skal foregå heime, så etter sist torsdag fikk vi ein lang mail om bakgrunnen for det vi hadde gjort på trening, samt heimelekser for den neste veka.
Puste - også her
Kvar dag skulle vi ligge og puste i ti minutter. Ikkje medan vi såg på TV eller las, vi skulle ligge og KUN puste i ti heile minutter. Kvar dag! Også de dagane med fritidsaktiviteter, ei vaskemaskin som ikkje vil sentrifugere og foreldremøter.
Samtidig som du puster skal du ikkje tenkje på noko anna enn pusten. Utfordring? JA! Det var lett i timen saman med de andre sist torsdag, men ikkje fult så lett heime aleine med huset fult av andre lydar.
Høyrte eg noko?
Men øving gjer meister; så i går gjekk det betre. Det hadde kanskje samanheng med at eg pusta rett etter ein tøff joggetur, så eg var sliten og glad for å vere i ro. Da var ikkje tankestraumen så kraftig. Samtidig merkar eg at eg er utolmodig etter 8 minutter. 10 minutter er lenge altså!
Eg ville eigentlig konkludere med noko, men eg trur det er for tidleg. Det er prioritering over heile fjøla. Men med ein time pusting tilsaman de siste seks dagane har eg i alle fall øvd meg på å puste med heile lungene - heilt ned - og da har det vore lettare å gjøre det innimellom iløpet av dagen også. Og DET er veldig verdifult!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...