onsdag 7. september 2016

Tilbake på hesten

Denne veka er vi tilbake på hesten på så mange felt. Kvifor gjekk vi av hesten i første omgang? Tja, tida går, sommaren kom også vidare?
På måndag var det ein stolt speider som tok på seg den nye speiderskjorta si for å ta fatt på speiderlivet igjen etter ei lang sommarferiepause! Her er han i gang med å bygge bål. Medan han var på speidaren gjorde eg come back som foreldrekontakt for 1.trinn. Eg var det for storebror også, og liker fortrinnet det gjer meg - og ikkje minst grunnlaget for at eg dagen etter kunne argumentere for klassekontaktorganisering på 3.trinn. Klassekontaktjobben i 1.trinn er ekstra viktig synas eg! Eg gler meg til å setje opp ein plan for året saman med den andre klassekontakten!
I går tok mannen eit forsiktig steg tilbake på fotballbana etter at han knakk ankelen på trening 19.mai. Han klarer å gjennomføre joggeturar og fjellturar utan å kjenne noko, så han gleda seg stort til å trene med laget sitt igjen! Etter 45 minutter hadde han kramper i heile foten, så resten av treninga hang han ved sidan av bana saman med de andre skada spelarane. Hahaha, det er ikkje spøk! :)

I dag er det nok ein gong min tur å sjekke ut kor hesten vil gå og skapet skal stå. Vi har hatt ei forkjølelsesrunde alle saman, så eg har ikkje jogga på halvanna veke. I dag er eg betre, så eg skal prøve meg ut seinare; om det ikkje blir verre i løpet av dagen. Det er jo berre (i teorien) å spasere om jogginga blir for tøff.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...