onsdag 28. november 2018

Opp og fram på Kvamskogen

Det er fint med litt ferie på hausten, og i mangel på det tok vi oss i langhelg i forbindelse med planleggingsdag og lånte oss ei hytte på Kvamskogen.
På fredagen gjekk vi rett opp bak hytta for å komme oss heile vegen opp på Solhellanuten. Vi hadde eit litt dårlig kart, så vi gjekk litt feil før vi møtte på erfarne vandrarar med kart, kompass og ein imponerande kunnskap om alle fjella rundt oss.

På toppen, 907 moh var det nesten vindstille og fantastisk utsikt i finværet! Med litt ekstra omveg i beina var det godt å spise lunch der oppe!
På veg ned måtte varme jakker hivast i sekken - for ein flott haustdag!
Dagen etter var det litt mindre sol, og litt meir vind - så vi tok ein flatare tur innover langs Kvennelvi og inn til Steinskvanndalsvatnet. Stien var variert, opp og ned, over ras, småelver og bratte fjellsider. Innerst ved vatnet var det fleire små løer og hytter - og ein fin rasteplass der vi åt lunchen vår i li frå vinden. Vi gjekk tilbake langs den andre sida av elva. Der var det stor grusveg og mange fleire turgåarar!
Haustturar i Kvamskogen gav absolutt meirsmak! For ein flott natur! Det er også gøy å komme seg opp på skikkelig høge fjell med utsikt mot enda høgare fjell!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...