fredag 22. mars 2013
onsdag 20. mars 2013
Hornbaking - ein gløymt kunst?
Er horn litt sånn 90-talls? Eg hadde heilt gløymt at de eksisterte heilt til eg las ein blogg der de hadde baka horn. Eg vart inspirert og lillesøster hjalp til å bake. Oppskrifta var halvgrov og med fyll. Nam! Eg hadde litt chorizorestar og vanleg kvitost som eg fylte med. Nokon vart utan kjøtt - og nokon vart med litt sjokolade og valnøtter (de var best!). Lillesøster laga to horn med alt:)
I helga skal vi feire 5-årsdag til storebror med ein god haug små gjestar. På menyen står det pannekaker med bacon og poteter til lunch (vi har invitert frå kl.12-14), og gele (blå og grønn) og prinsekake til "dessert". I tillegg får alle gjestane ein snopepose før de går. I dag skal vi ut og handle inn alt vi trenger; heldigvis synes vi alle at slike festar er KJEMPEGØYE og vi gler oss masse til helga!:)
tirsdag 19. mars 2013
Oppskrifter på perlebileter
Storebror liker å jobbe etter oppskrifter. Derfor meldte eg han inn i Club Hama (gratis) og fikk slik tilgang på fleire oppskrifter til perlene våre.
| Adressa til klubben |
mandag 18. mars 2013
Fjordland Byggrynsgraut
Eg er ein såkalla "buzzador", noko som betyr at eg av og til får tilsendt produkter som eg tester ut på familie, venner og kollegaer. Denne gongen fikk vi tilsendt Fjordland sin Byggrynsgraut som vi var veldig spente på å prøve ut. På boksen var det bilete av grauten med blåbær og bringebær på - så storebror slo til med blå¨bær i tillegg til den han vanlegvis har på graut; rosiner, sukker, kanel og smør. Eg synes grauten er søt og god utan noko på, men storebror synes det var heilt knall med ein topping over the top! Alle fire likte i alle fall grauten, den er veldig mektig - så ein halv boks er nok til kveldsmat - denne kjem vi til å kjøpe igjen:)
Etter oppspist graut er boksane flotte til å ha perler i - så vi er strålandes fornøyde!
Etter oppspist graut er boksane flotte til å ha perler i - så vi er strålandes fornøyde!
Snopereglar
Storebror fikk høyre om laurdagssnop rett før han vart tre år. Da var regelen at han fikk ein snop pr. år; altså to snop som snart vart tre. Når vi ein sjeldan gong er på butikken på ein laurdag vel han seg ut smågodt. Så lenge det kun var tre snop i posen slo den ikkje ein gong ut på vekta da vi skulle betale. Men no fyller han snart fem år - og vi har begynt med fem snop. Dette var det han plukka seg ut den laurdagen han og pappaen var på kino. Han vel med hjartet - ikkje etter størrelsen på snopen. Hadde eg fått fem snop hadde eg nok valgt fem STORE. Ikkje ei lita bønne slik som han velger. Men det er jo slike ting som får eit mammahjarte til å svulme:)
Også er det lillesøster da. Som kun er to og eit halvt. Her må eg innrømme at ho får tre snop. Ho har ikkje fått plukka sjølv enda - vi har snop heime som vi tar av. Ho er storfornøyd med tre. Enn så lenge:)
Også er det lillesøster da. Som kun er to og eit halvt. Her må eg innrømme at ho får tre snop. Ho har ikkje fått plukka sjølv enda - vi har snop heime som vi tar av. Ho er storfornøyd med tre. Enn så lenge:)
fredag 15. mars 2013
Mamma Mø
| Finaste krøllane i håret! |
"Vi har fått ei gøyal ku med gøyale små horn. Når hun tror at ingen ser - hallo Mamma Mø - svarer hun i telefon"
Peppa Gris er ein anna favoritt - medan storebror er ihuga Legoblad-lesar, og fan av ei bok eg lånte frå biblioteket om ein gut som går på skulen.
I kveld er det på med penklær - da skal eg og mannen på representasjonsmiddag med jobben hans. Det står fersk torsk på menyen - nam! På laurdag skal vi køyre eit stykke for å feire 2-årsdagen til niesa vår, etterfulgt av ein tur på IKEA. På søndag skal eg jobbe - og alle skal på familieteater. Ei kjekk helg med andre ord:) Håper du også har gode planer!!
torsdag 14. mars 2013
Strikkepakke
Eg jobbar sporadisk med pinner og garn utan at eg kjenner den heilt store strikkedilla som eg har hatt tidlegare. I latskapens navn har eg derfor sendt ein pakke til svigerinna mi med eit påbegynt prosjekt og garn med bursdagsgåveønske frå lillesøster. Heldigvis har eg fleire i familien som er strikkekunstnarar - berre vent til eg leggjer ut bileter av de nye strikka bunadane vi fikk i posten av den eine tanta mi i Ålesund!
Abonner på:
Innlegg (Atom)