onsdag 7. mai 2014

Kort til konfirmant

I helga var vi i konfirmasjon til den siste av mannen sine søskenbarn. Den neste konfirmanten på hans side er storebror - hjelpes! Kortet pynta eg med blå og kvite papirblomar, og bakpå limte eg eit dikt "Våg å være" av Hans Olav Mørk. Ein flott konfirmant, og ein finfin dag! Etter kakene vart svigermor og de to barna til svigerinna mi med oss heim der mormor/farmor passa fire unger medan vi andre tok turen til vinstue i byn for å ha søskenbarntreff - for oss over 18 år.

Ungane hadde sovna i nesten normal tid, og vi hadde det så gøyt ute at eg hadde gangsperre i ansiktet på søndagen fordi eg hadde ledd så mykje :)
Bra dikt til ein konfirmant!
I dag kjem det "jobbemenn" for å rive taket vårt. Vi er spente på å sjå korleis huset vårt ser ut med stillas rundt, og håpar de held seg godt fast oppå der!

tirsdag 6. mai 2014

7-vekers meny

Matrettane med sidetal er frå kokeboka "Jamie på 15 minutter" - knallgode oppskrifter!
Er det EIN ting vi kan seie at gjør livet vårt så mykje enklare - så er det 7-vekers middagsmenyen vår. Vi hadde fram til i vår 6-vekers meny, som fungerer like bra, men så hadde vi så mange rettar som vi likte, så vi utvida med ei veke. Vi går igjennom denne veke for veke, også begynner vi på nytt etter 7.veke.

Det tok tid å utarbeide eit skikkelig førsteutkast (eg gjorde det da eg var i permisjon med lillesøster i 2010), men når det først er gjort fornyer eg den rundt to gongar i året. Da tar eg vekk rettar vi er leie av/ikkje liker SÅ godt, og set inn nye. Eg passar på at det er likt fordelt med kylling, laks, kvit fisk, kjøttfarse og vegetar iløpet av ei veke. Eg har også to "helgemiddagar" i kvar veke, som tar litt lengre tid å lage. Som pizza og fiskegrateng. Har matrettane "halve" ingrediensar, ein halv squash, ein halv kinakål etc er menyen lagt opp slik at resterane halve blir brukt i ein rett seinare den veka, eller veka etter.
Kvar onsdag skriver eg handleliste utfrå neste vekes meny, også handlar eg og lillesøster mat for den neste veka (torsdag til onsdag) medan mannen og storebror er på fotballtrening. Når ein handlar kun ein gong i veka sparer ein også penger.

Middagsmenyen sparer oss for masse tid og frustrasjon, tomt kjøleskap og ekstraturer på butikken. Vi veit kva vi skal lage, og vel ønska middag for dagen utfrå lista. Ingen tankekraft er behøvd. Nice :)

mandag 5. mai 2014

From this day...


...er det ingen slingring i valsen. Ingen "kva vil eg trene i dag?". Ingen planlaus løfting av tunge ting berre for å oppnå den høgaste lykke - gangsperre! Frå i dag er det joggetrening som er tingen. 6.september, altså ein dag og 4 mnd frå no, er det halvmaraton og eg skal jogge meg gjennom 21 097,5 meter. Opptreningsplan er satt opp og skrive ut, og no er det ingen veg tilbake.

De skal få kjørt dykk skikkelig! (i betre sko)

Synd det regner i dag. For første gong på 32 dagar. Meeeeeen: nothing's gonna stop me now!

søndag 4. mai 2014

Sønsdagsro!

Det som ikkje er så fint ved at det er sol og flott vær i vekesvis er at inne blir det grådig rotete! Klesvasken hoper seg opp, og sidan vi knapt nok er inne blir det ikkje så kosleg (ryddig) der. Derfor er det litt bra at det ikkje er sol og tjue varmegrader i dag. Vi skal bruke dagen på å slappe av heime og i hagen. Rydde litt om vi gidder - og eg MÅ vaske klær. I ettermiddag skal vi på teater, men før det skal vi ha heile dagen heime, berre vi fire, og det er første gong sidan 22.februar. Det blir godt og naudsynt!

Sist søndag var det sommar, og vi køyrte til Kollevåg på Askøy for å leike i vannkanten og grille med ein vennefamilie.
De hadde med seg håv, og det må vi også skaffe oss - det var knallgøy! Krabbebøttene kjøpte vi ein stad ved oslofjorden i fjor sommar.Gjennomsiktige bøtter er nesten eit must når ein leikar ved vatn.
Det er så fint i Kollevåg! Det var fult av barnefamiliar der denne søndagen, mange bada også. Men det var kjøleskapskaldt i vatnet, så vi vassa og var fornøyde med det! :)
Etterkvart fikk særleg storebror seg mange tilhengarar som hjalpt til å lage elver og demingar. Men da måtte vi sjølvsagt gå. Heldigvis vart ikkje det noko problem; "Eg berre spør de om kva husnummer de bur i eg, så veit vi det til neste gong vi treffer de!"

lørdag 3. mai 2014

Blå drakeegg

Eg fann dette tipset på nettet i påska, og vi måtte sjølvsagt prøve det ut! Eg bruker cacas sin konditorfarge, og den er så konsentrert at eg trur at det hadde vore best om eg hadde brukt vanleg konditorfarge frå idun. På bileta på nettet var det kun i sprekkene at fargen kom, men med cacas sin farge trakk det igjennom skallet ellers også.

Men slik gjør ein det i alle fall:

Kok ønska mengde egg. Etter at de er avkjølte knuser du skallet litt før du leggjer eggene (med skallet på) i ein pose med litt konditorfarge. Pass på at egget er dekka av farge. La dette ligge i ti minutter før du vasker av eggene og skreller de. No har fargen festa seg i det kvite der eggeskallet hadde sprekker. Vips: drakeegg!
Vi trudde ungane kom til å bli frå seg av begeistring - men de såg på eggene og sa "nei, takk" så de var det eg og mannen som åt. Ved nærmare ettertanke synas ikkje eg at det var så rart. Det ser ikkje heilt bra ut.
Brødskive med drakeegg og røyka laks. Påskesnadder :)

fredag 2. mai 2014

Inneklemt dr*****fredag

Dette er dagen vi BURDE ha tatt oss fri! Alt gjekk på tverke i dag, og dominoeffekten har aldri tidlegare vore så tydleg. Ein stad går noko litt galt, også fell resten av morgonen saman som eit korthus, eit kort av gongen, også sitter ein der. På veg til jobb med Michael Jackson på radio som sårt synger "Heal the world" så du trykker så hardt på "AV"-knappen på radioen at den nesten forsvinner inn i bilen, fordi DET gidder du i alle fall ikkje å ta stilling til akkurat no!

I dag vil eg ha dette:

Idyll.

Er det så vanskelig å få til?

torsdag 1. mai 2014

Bonusfri!

I dag er det fri! Bonusfri! Ein pustedag midt i veka er akkurat det vi trenger akkurat no (og alle andre veker eigentlig). Det er framleis sol frå skyfri himmel, og sjølv om temperaturane er litt lavare, skal vi pakke tursekken og bestige Løvstakken (477 moh) i dag. Etterpå skal vi i bursdagsmiddag - og vips er dagen oppbrukt.
Håper også at eg får rydda vekk påska i dag! Finfine påskebileter frå Kongsberg på dette innlegget. Finfine folk også, som vi gler oss til å henge med igjen i juli!

Ha ein riktig fin 1.mai! Og gratulerer med dagen! :)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...