onsdag 5. februar 2025

Velkommen 2025 og januarliv

Januar var lang, men god. Vi starta året med ei periode med vintervær og sol! For eit hell! Bilete frå første tur i 2025.

Vi køyrte til Løvstien for å gå på ski med urban utsikt. 
Også gjekk vi på ski i vår eigen skog med sti. Tenk at vi har dette berre 5 minutter unna huset vårt!
Vi inviterte naboar, venner og familie på kvardagsmiddag på ein måndag. Huset vart fullt av fine folk og gode samtaler, leik og latter. Slik kan ein gjøre ein mørk januarmåndag til ein skikkelig fin dag!
Ibsen blir spelt på DNS og eg er på plass - og synas mangt og mykje om det som vart vist. Men Ibsen er god!
I stadenfor å reise heim og spise middag, går eg på kino etter jobb med medbrakt mat. Snap til venninne som synas det er veldig rart når eg spiser alternativt på kino:D
Eg er heldig på og sitter heilt tett på eit kulturelt ikon da ho besøkte Grieghallen. 
Det er uvær og farevarsel, og eg har avtale for å smake persetorsk på Bien Basar. Sidan folk skulle holde seg heime fikk vi nesten heile restauranten for oss sjølve. Og maten? Heilt fabelaktig! Vi bestemte oss raskt for at dette måtte bli ein tradisjon!
Universitetet fyller år og feirer med lysshow på Naturhistorisk museum. Skikkelig, skikkelig gøy!
Yoga i ein av middelalderkyrkjene - alltid noko heilt for seg sjølv.
Det siste halve året har eg blitt betre på å gå ut av kontoret og spise lunch på cafe saman med kolleger, eller tidlegare kollegaer. Nokon får hjarte i moccaen sin. 
Eg fullførte ein strikkavest i varmt garn, og flotta meg med den (sjølvsagt)!
Ein cafe i byn inviterte på frukost, og kan ein det seier ein jo ja! Det er ein finfin måte å starte arbeidsdagen på!
Vinterbading også i januar. Ein dag gjekk eg direkte frå jobb,til Nordnes sjøbad, og rett i Puddefjorden, som holdt nesten 4.8 grader den dagen. Men det var 32 grader i bassenget, så det gjekk veldig fint! Solnedgangen denne ettermiddagen var magisk, men da var eg mobilfri i bassenget. 

fredag 3. januar 2025

24.desember og desember-24

Julemånaden vart starta i suite på Bryggen med kaffe i senga. Kvelden før var vi på julebord og det var skikkelig deilig å ha ein heilt roleg morgon med gamle amerikanske komiserier på lineær TV.

Etter utsjekk gjekk vi på Julelotteriet for å sjå om eg klarte å vinne meg eit heilt eget kunstverk på medlemsskapet mitt. Eg vant ikkje, men var litt nær ein gong, og uansett var det ei oppleving å vere med på! Med eit lite hint av eksklusivitet - love it! 
Det er tida for dagslysturar. Det er uansett vær i helgene, men ekstra fint når det er skikkelig lys og sol! Og laaange skuggar!
Vi er prøvepublikum på det som var ein publikumssuksess før showene var i gong. Eg satte stor pris på klassiske sketsjar og ny humor frå fersk komiker. Også satte eg pris på de gode stolane på Forum. Det er ein lenge vedvarande samtale om kva stolar som er noko på kulturinstitusjonane og kulturbyggene i Bergen - ein samtale som fikk seg ein intern oppsving i desember! 
Bergen er ekstra pen i desember når alle vinterlysene er tent, og det er heilt i orden å stå her og vente på bussen.
Ein kveld på teateret for å komme i julestemning og for å sitte i ro litt. 
Ein kveld i Grieghallen for å høyre eit av mine favorittrequiem - og rett og slett miste pusten av musikalsk monumentalisme.
Første juleferiedag og eg besøker to av byens kunstmuseer. Utstillinga av nokre av Ambriosa Tønnesen sine verk var heilt fabelaktig - og noko av det flottaste eg har sett i heile 2024!
Årets mørkaste dag hadde knapt nok dagslys. Men ut på tur likevel - med ei lita pause i ly for regnet.
Nokre dagar før fristen, 24.desember, fullførte eg AdventsUltra. 100 km ila desember. Denne gjorde eg også under pandemien, og det var meir utfordrande å komme i mål denne gongen. Men det gjekk - med fleire dagar til gode!

Juleferie for alle - og årlege juletradisjoner som kakao med krem til kveldsmat på lille julafta.

Romjulsyoga - men her var det mykje motstand å finne! Det ser i det minste triveleg ut på bilete.
Årets siste dag og årets siste joggetur. Kanskje årets første i snø - og det var ikkje mykje av det - men eg brukte piggskoene mine uansett. 
Før eg rakk å bli kald igjen etter joggeturen, fikk eg med meg fotograf og livvakt på bading. Da vart eg svært effektivt iskald. Det var litt vær også - og det gjør innpakkinga til badinga ubehagelig (badinga er det enklaste på slike dager).
Godt nytt år!

tirsdag 10. desember 2024

Novemberliv

November kom og gjekk ganske kjapt, og eg tenkte i går på at eg hadde gløymt kva tida vart brukt til. Heldigvis hadde eg alt lagra bileta - og da kjem eg på i alle fall dette!

Ein av byens mange musikkfestivalar hadde opningskonsert i ein av middelalderkyrkjene i byen. Det var ekstra mørkt og kaldt - og det hadde vore ei lang veke - men sidan eg hadde sagt at eg skulle komme, så måtte eg jo det. Og det er eg så glad for! Dette var ei musikkoppleving av de sjeldne!
Det regnar forferdelig mykje! Dagslystur for å sjå kor høgt vatnet var blitt i skogen like ved oss. Og det var høgt. Også er det gøy at biletet kan sjå ut som om det er i svart-kvitt, men det er det ikkje. Det er berre slik november 2024 såg ut innimellom.
Det er tidleg morgon og det er sol. I koppen er det latte på havremjølk. USA hadde nett fått ny president, og eg kjente på skam der eg gjekk med amerikansk brand i handa. Den skammen kjenner eg faktisk framleis på, så eg trur eg må finne meg nokon andre som lagar like god latte på havremjølk. 
Morgonsol over Festplassen - på veg til foredrag om kunstens rolle i den søramerikanske politikken.
Ein kamerat frå vidaregåande held konsert i byn, og vi er sjølvsagt tilstades for å klemme, klappe, le og catch up.
Eit yogastudio ikkje så veldig nær meg, men nær nok, har yogaconvension. Eg får med meg tre ulike timar og enda fleire gode minner!
Vi har blitt invitert med på Diwalifeiring - og lærer at "en liten matbit" er det samme som buffet med alt ein kan ønske deg av deilig mat! For ein kveld vi hadde! Dette gjør vi igjen!
Det er farsdag, og vi feirer ved å gå på kafé og spise frukost. Det var deilig, men litt styrete.
Eg ville bruke nokon avspaseringstimar og tok turen til Danmark. Eg hadde ein fin dag i Aalborg i lyst og kaldt vintervær.
Også hadde eg det fint på båten ned og opp. Det var lite folk, god plass og roleg stemning. Finfint til å lese og strikke. Og drikke shamekaffe.
Eg er i bursdagsfest hos ei venninne som har denne utsikta frå huset sitt. Så vakkert!
Vinterbading er ei oppleving! Dette biletet er frå den dagen det var minus tre grader på land og pluss tre grader i vatnet. Vi møttes rett etter jobb denne dagen for å få litt dagslys. No ser vi ikkje dagslys etter jobb på nokon veker enda. Men plutselig er lyset der igjen!

Det skal også badast i varmare vatn! Fleksitidluksus - og bading midt på dagen. Saman med pensjonistar og barneskuleklassar. 

onsdag 6. november 2024

Oktoberliv og fine minner

Oktober og barnefri heim nokre dagar av haustferien - og vi utnytta høve til å spise middag på ein restaurant som serverer veldig små, men utruleg gode, rettar, til veldig høge, men heilt sikkert naudsynte, prisar. På veg heim stakk vi innom drive trough for å kjøpe dessert. Eplepaien til Mc'ern er chefs kiss! 

Tilfeldigvis snubla eg over billettar til årets festforestilling - og for ein fest! Programmet var så bra - med utelukkande fantastiske artistar som det er ei glede å høyre på! Eit uventa høgdepunkt!
Ute er det haust, og til tross for mangt slags vær, har bladene holdt godt og det har vore så fint i vekesvis! Her er eit av de finaste trærene i teaterparken.
Nordlys i Bergen! Det skjer jo faktisk innimellom, men oftast når eg sover. Denne gongen var det før leggetid, og vi fikk alle nytt dette frå verandaen vår! Sjå stjernene som skinner bak lyset - ganske så magisk! Eg såg også eit stjerneskot inni her, og ønska meg ein veldig hemmeleg ting! 
Nok ein gong gjekk eg tidlegare frå jobb for å gå på muesum for å sjå ei aktuell utstilling. Denne var på Kunstgarasjen, og var rå, mektig og personleg. Det var lukt, lyd, syn, atmosfære, fukt, varme, kulde og - for meg - ein liten kamp å klare å ikkje ta på alt! Sidan eg var der på dagtid fikk eg også lokalene nesten for meg sjølv, og det var fint. 
The September When er i Grieghallen og vi i salen hadde ein skikkelig fin kveld! De på scena hadde det litt ulikt trur eg. Heldigvis tok det av mot slutten slik at ein fikk dansa litt frå seg! 
Vi er på foreldremøte på eldstemann sin skule, og får sjå gater i byen vi ikkje har vore i før. Digger lampene!
Nok ein kvardag der fleksitid er gulltid, og eg er på flyt medan andre held hjulene i gong. Denne gongen hadde de fylt i 50 kg mineralar før eg brukte bassenget; så det var heavy! 
Vi er publikumsprøvepersonar på ein av storsatsingane til DNS. Noko var godt, mykje var einsformelig; men taket er alltid nydeleg!
Det er filmfestival, og eg begynner arbeidsdagen med kino, seter med varmeelement, frukost og perfekt kaffe og gode foredrag. Det var heilt maks, men eg brukte noko tid på å vokne igjen etterpå. Ikkje fordi eg sov, men fordi det var så himla komfortabelt å ligge i mørket i fleire timar.
Eg er på kurs og lærer å lage blomar av papir. Det var så gøy, og de tre blomane eg laga pyntar fint opp heime! Fine folk var det også!
Vi tar ein liten helgeferie og besøker dette ikoniske hotellet i Ullensvang. Her var det klasse og luksus på det aller meste; og vi nikosa oss! Hardanger altså! Det blir ikkje mykje finare enn dette!
Eg blir invitert inn i ei vinterbadinggruppe og her er frå mitt første bad saman med de - 8 grader både til vanns og til lands - nydleg! Tørre ullklær og varm te - før maks varme i bilsetet på veg heim!
Eg er på møte i fylkeshuset og får endelig vandra på takterassen. Ny utsikt over byen - med Ulriken som ligger litt i tåkedott til høgre.
Heldige folk får være prøvepublikum til denne mannen; og eg er ikkje vanskelig å be! 
Nok ein dag (dette er eit mønster alstå) sluttar eg tidlagare frå jobb for å være med på urpremiere av årets julefilm. Vi fikk kakao, kake og popcorn med kanel - og vi fikk snakke med regissøren etterpå. Alt var klart terningkast 6! Utanom filmen eigentlig, som var ein svak 3.
Sør-Korea får sin første Nobels litteraturpris, og vi trossa stormen Jakob, for å vere med på nobel-foredrag om Han Kang, holdt av Kang sin norske oversetter. Akkurat no kan eg noko om koreansk litteraturhistorie, men det har nok dessverre forvitra innan få veker. Eg gler meg til å lese nokon av verka hennes!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...