fredag 9. september 2016

60 ting eg gler meg til å gjøre i haust

  1. Drikke te medan ungane ser barneTV
  2. Gå til massasje
  3. Levere kasser på Fretex
  4. Spasere igjennom parken og nyte synet av de gule bladene
  5. Ta fotbad 
  6. Kjøpe fredagsblomsterbukett
  7. Sove i flanellsengesettet vårt
  8. Kjøpe nye bøker og presse de inn i den alt fulle bokhylla vår
  9. Vurdere å kjøpe fleire bokhyller
  10. Bake kanelknuter 
  11. Gjøre nokon etterlengta forandringar på vaskerommet
  12. Gå tur i strålande haustvær
  13. Ha venner på overnatting
  14. Besøke Troldhaugen igjen
  15. Planleggje adventskalender til ungane
  16. Tenne lys på frukostbordet
  17. Lage og spise raspeballer
  18. Drikke gløgg
  19. På eige initiativ ta med bilen til vaskehall - ikkje vente på at mannen skal gjøre det
  20. Feire farsdag 
  21. Kjøpe gresskar og lage både pai og skummel lykt utav den
  22. Rydde i ungane sin leiker; kaste og gje vekk
  23. Reise til Florø
  24. Hugse å bruke den dyre ansiktsmaska eg kjøpte i vår
  25. Besøke venninne 
  26. Sjå film
  27. Gå søndagstur i skogen 
  28. Lakkere neglene mine
  29.  Leige noko stort og tomt som vi kan fylle med boss frå eigendommen
  30. Bake brownies og servere den varm saman med vaniljeis
  31. Utvide horisonten på Bergen Assembly
  32. Invitere til Halloweenfest
  33. Sove i kaldt og mørkt rom
  34. Bake brød
  35. Jobbe på kjekke arrangement
  36. Lese ein klassiker
  37. Feire Puste sin 13-årsdag
  38. Spise klementiner 
  39. Bli betre kjent med barn og voksne i 1A
  40. Dra på båltur 
  41. Planlegge årets julegaver
  42. Strikke noko
  43. Gjøre hagen klar for vinteren 
  44. Drikke god kaffe
  45. Besøke ein stad vi aldri har vore
  46. Ta ein tur på badeland midt i veka 
  47. Lage vaffler og kakao til kveldsmat
  48. Høre Mozarts Requiem 
  49. Finne fram og ta i bruk alle de deilige ullplaggene eg kjøpte på salg i vår
  50. Lese lyrikk 
  51. Lage eigen juice
  52. Sjå nye TV-seriar
  53. Gå i fjellet 
  54. Ta ein tur på kino
  55. Sykle fine ettermiddagsturer
  56. Dyrke spirer i kjøkkenvinduet 
  57. Hugse å puste
  58. Lage New York bagels med cream cheese 
  59. Gå på konsert med lillesøster sitt nye kor
  60. Bake knekkebrød

torsdag 8. september 2016

Puste - kvar dag

I dag skal eg tilbake til yoga-kiropraktorundervisninga som eg skal vere med på de neste tre månadane. Det er eit prøvekurs, der læraren/trenaren vår skal sjekke ut det nye konseptet med deltakarar. Ein del av treninga skal foregå heime, så etter sist torsdag fikk vi ein lang mail om bakgrunnen for det vi hadde gjort på trening, samt heimelekser for den neste veka.
Puste - også her
Kvar dag skulle vi ligge og puste i ti minutter. Ikkje medan vi såg på TV eller las, vi skulle ligge og KUN puste i ti heile minutter. Kvar dag! Også de dagane med fritidsaktiviteter, ei vaskemaskin som ikkje vil sentrifugere og foreldremøter.
Samtidig som du puster skal du ikkje tenkje på noko anna enn pusten. Utfordring? JA! Det var lett i timen saman med de andre sist torsdag, men ikkje fult så lett heime aleine med huset fult av andre lydar.
Høyrte eg noko?
Men øving gjer meister; så i går gjekk det betre. Det hadde kanskje samanheng med at eg pusta rett etter ein tøff joggetur, så eg var sliten og glad for å vere i ro. Da var ikkje tankestraumen så kraftig. Samtidig merkar eg at eg er utolmodig etter 8 minutter. 10 minutter er lenge altså!
Eg ville eigentlig konkludere med noko, men eg trur det er for tidleg. Det er prioritering over heile fjøla. Men med ein time pusting tilsaman de siste seks dagane har eg i alle fall øvd meg på å puste med heile lungene - heilt ned - og da har det vore lettare å gjøre det innimellom iløpet av dagen også. Og DET er veldig verdifult!

onsdag 7. september 2016

Tilbake på hesten

Denne veka er vi tilbake på hesten på så mange felt. Kvifor gjekk vi av hesten i første omgang? Tja, tida går, sommaren kom også vidare?
På måndag var det ein stolt speider som tok på seg den nye speiderskjorta si for å ta fatt på speiderlivet igjen etter ei lang sommarferiepause! Her er han i gang med å bygge bål. Medan han var på speidaren gjorde eg come back som foreldrekontakt for 1.trinn. Eg var det for storebror også, og liker fortrinnet det gjer meg - og ikkje minst grunnlaget for at eg dagen etter kunne argumentere for klassekontaktorganisering på 3.trinn. Klassekontaktjobben i 1.trinn er ekstra viktig synas eg! Eg gler meg til å setje opp ein plan for året saman med den andre klassekontakten!
I går tok mannen eit forsiktig steg tilbake på fotballbana etter at han knakk ankelen på trening 19.mai. Han klarer å gjennomføre joggeturar og fjellturar utan å kjenne noko, så han gleda seg stort til å trene med laget sitt igjen! Etter 45 minutter hadde han kramper i heile foten, så resten av treninga hang han ved sidan av bana saman med de andre skada spelarane. Hahaha, det er ikkje spøk! :)

I dag er det nok ein gong min tur å sjekke ut kor hesten vil gå og skapet skal stå. Vi har hatt ei forkjølelsesrunde alle saman, så eg har ikkje jogga på halvanna veke. I dag er eg betre, så eg skal prøve meg ut seinare; om det ikkje blir verre i løpet av dagen. Det er jo berre (i teorien) å spasere om jogginga blir for tøff.

tirsdag 6. september 2016

Spiring om hausten

I fjor kjøpte eg eit spiresett som eg rakk å bruke ein gong før den vart oppbevart i eit kjøkkenskap heilt oppe ved taket også gløymde eg det. Men medan eg leita etter noko fant eg det igjen!
Ligger i blaut
Saman med spireglasset kjøpte eg tre ulike spirer som eg kunne prøve ut. Denne gongen ville eg prøve kløverspirer!
It's alive!
Det er ein fin prosess å spire på kjøkkenbenken. Den skal eigentlig stå i eit skap, men vi har ingen tomme skap i min høgde som den kan stå i. Det fungerte fint at den stod ute. Medan det spirer (eller heilt til det vart tomt for min del) skal det skyllast to gonger dagleg. Det går mengder med vatn!
Fordi eg bur i Bergen skulle ein tru at det var ingen problem for meg å la vatnet stå og renne, men det er det altså. Det føles som sløsing. Men det må til. Igjen  og igjen.
Etter 3-4 dagar begynte vi å spise de; eg og mannen. Det smaker litt beisk, så ungane takka for seg. Vi åt det til middag og på brødskiva som her. Dette var siste bunte med spirer - så det var nesten planter.
Effektivt og veldig gøyt! Og ikkje minst - superdupersunt! Vi snakker vitaminer, mineraler, fiber og proteiner - rett frå kjøkkenbenken! Køyr på!

mandag 5. september 2016

Kom deg ut dagen

I går var det kom deg ut-dagen, noko vi og resten av Bergen hadde fått med seg! Ekstra heldig var nok arrangørane med været - sol frå skyfri himmel etter ein regnfull laurdag.
Storebror hadde overnattingsbesøk til i går, så vi tok med oss tre unger på fjellet. Fløybanen var gratis fram til kl.11 så for å unngå den verste køa var vi tidleg ute og var på plass like før klokka 10.
På toppen er det obligatorisk å leike på leikeplassen! Her i morgonsol. Det var deilig i sola, men kaldt i skyggen. Det var skikkelig haustvær rett og slett. På leikeplassen møtte vi fleire venner av begge ungane; det er alltid gøy!
Vi gjekk innover mot Skomakerdiket som ikkje ligger langt unna. Vi har aldri vore der før, og akkurat i går var det her det var mange aktiviteter! Undervegs er det mange gøye skilt som vi kan lese på!
Sjekk eventyrskogen da!
På plass ved Skomakerdiket fikk vi sjå på solstormar gjennom stjernekikkert, leike med VilVite sine ting og ro kano! Sistnevnte var det mannen som var med på medan eg var fotograf. Med tre unger i vinglete kano var det ein prøvelse - hahaha - den var kanskje litt fult lasta! Men det gjekk fint!
Ungane fikk også prøve seg på orientering med tidtaking, og gjekk bananas i Kiwi sin stand med frukt og diverse reklameeffektar. Vi kan vel aldri få nok buff og sitteunderlag! I 12-tida var vi sultne på lunch og fant oss ein solrik stad i skogen.
De hadde fyrt opp grillar og vi hadde tatt med ostesmørbrød i aluminiumsfolie til lunch. Etter at eg fant ein grill som faktisk var varm gjekk det kjempebra, og det var nydleg godt! Mmmm! Men sjølvsagt - å stå i grillkø saman med ein titalls andre like sultne folk er ikkje stas. Heldigvis var det god stemning på den grillen som var varm og effektiv!

Lillesøster på nytt Kiwi-sitteunderlag
Gode og mette forlot vi folkehavet ved Skomakerdiket og gjekk tilbake til Fløyen og klatreparken som vi oppdaga da vi gjekk der for to veker sidan. Den var ikkje ferdig heilt enda, men det kjekke huset var der.

Ein tur innom Trollskogen
Sidan vi var tidleg ute var vi også tidleg heimover også! Vi gjekk ned Tippetue og var heime lenge nok før middag til at vi kunne nyte sola før vi var kjempesultne på nytt. Vi fikk faktisk også spist middag ute i varmen; det var heilt fantastisk! Med vannmelon til dessert lata vi som om det var midt på sommaren - og ikkje 4.september!
Fløypilen
Vakre Bergen

søndag 4. september 2016

Søndag og sol!

I dag er det fint vær - neeeeesteeeeen så det er sommartemperatur - og vi skal ut på tur! Det er kom-deg-ut-dagen og vi skal på Fløyen å få med oss nokon av aktivitetane som er der.
We're going up, up, up, up, up uuuuup!
Vanlegvis går vi opp, men i dag er det gratis Fløybane, så da gjør vi det. Det er alltid stas!
Uten mat og drikke...
Gårsdagen var full av jobb og aktiviteter på kvar vår kant. I dag er det familietid. Saman med fleire tusen andre barnefamilier :)

lørdag 3. september 2016

Løp som en jente

Denne boka er av mange rekna som "boka du berre MÅ lese" når det gjeld jogging. Enten du er ein som joggar eller du kanskje tru at du kan bli ein - eller ikkje bli ein. Dette er liksom boka for deg!

Det er ei rask bok om Alexandra Heminsley si reise frå utrent til marathonløper. Det er alltid interessant å lese om andre mennesker sitt liv og tankar på denne måten. Men eg hadde nok større forhåpningar etter å ha lest veldig gode anmeldelser av boka.
Eg sitter igjen med inntrykket av at om du er utrent og godt overvektig er denne boka gull verdt, for ho kjem med mange gode tips til denne gruppa. Ho skriver mellom anna masse om valg av rett treningsbh, fordi det var noko som hadde stor betydning for ho. For meg er dette heilt uinteressant, men eg ser at for andre er det viktig informasjon. I slutten av boka har ho sider med "ting du aldri har turt å spørre ein maratonløper om" - og den var riktig så morsom!
Fin å lese i etter joggetur. I sola :)
Det finnes fleire "må lese"-bøker i denne kategorien, så eg får leite vidare etter den perfekte treningsboka! :) Eg var nok ikkje i målgruppa for denne. Men god underhodning - og kjapt lest!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...