torsdag 5. september 2013

Gruffalo

Tett-tett saman i sofaen
Heilt sidan lillesøster var stor nok til å fokusere blikket har storebror lest til ho. Ikkje ofte, men nok gonger til at eg har fått tatt nokre bileter av det. Det første biletet har storebror smukk, det er morgon, og de ligger saman i senga hans og leser "Lukas bygger Olabil". Han kunne nesten heile utanatt. Ei bok han kan utanatt no er Gruffalo. Den høyrer eg at han leser høgt til bamsen sin om kvelden.
Medan vi laga middag sist veke satte storebror seg ned i sofaen og las Gruffalo til lillesøster på eiget initiativ. Eg har så lyst å filme at han leser heile boka, men han leser ikkje på oppfordring. Boka går på rim, og har vore ein stor favoritt sidan vi høyrte om den for første gong for to år sidan. Vi har også "Lille Gruffalo" og "Den snilleste kjempen i byen" av samme forfatter og illustratør som vi er glade i og leser ofte. God barnelitteratur er ikkje alltid like lett å finne, det er mykje ræl.

Sjølv begynte eg friskt på ny bok etter ein bokrik ferie. Eg er framleis på side 109, og har ikkje lest på vekesvis. Her bør eg ta meg sjølv i nakken. Ikkje i kveld da; da skal eg på valgdebatt om fritids- og amatørkultur. Og drikke vin. Minst to glass:)

2 kommentarer:

  1. Vi har lest gruffalo, sunget om gruffalo og sett filmene om gruffalo!!!
    Gruffalo ruler:-)

    SvarSlett
  2. Finnes det sang om Gruffalo også?! Kvar finner eg det? Filmane er heilt fantastiske! De har klart å overføre følelsen frå bøkene, elsker det! Vi såg ein film om ei heks som ikkje fikk plass til alle nye venner på kosteskaftet sitt. Den var laga av samme gjengen, men vi har ikkje klart å finne den i bokform enda. Den var også knall!

    SvarSlett

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...