mandag 2. september 2013

Oppussing av mur

Prikk og Flekk.
Huset vårt består av både mur og tre. Som del av tomannsbolig kan ein jo gjøre som ein vil, samtidig som at det er ok at det ser nokonlunde likt ut (eller er det eigentlig viktig?). De som eigde huset før oss valgte å male muren, til naboens irritasjon. "Det er jo berre pynt, også må ein bruke masse tid på å vedlikeholde det." Det er jo sant det, men eg synes det er skikkelig fint med ein kvit og rein mur. Så får heller nabohuset sjå litt grått ut i forhold til vårt ( knegg litt i skjegget). Denne veggen - mot sør trur eg - er værhardt utsatt, og er den største murveggen. Vi har også mur under verandaen, men sidan varandaen er tett er den muren heilt fin. Mannen har brukt masse tid på å spyle, pusse og skrape. Mest sannsynleg har de tidlegare eigarane brukt feil middel på muren, for den datt av i store flak (og rundt 3578 små).
Takket vere Pappa og baby-leiken til ungane fikk vi malt to strøk i løpet av to sommardagar i august. Det vart riktig så fint! Og sjølve malinga er jo gøy!
Det baller på seg - vi endte opp med å pusse ned og male opp igjen murveggen som eigentlig er naboen sin, men som er den som vi ser (husene står litt skeivt i forhold til kvarandre) ved kjøkkenet. Den var mala kvit av den gamle eigaren; og no er den også flekkfri og krittkvit - ganske så lekkert! Med siste rest av 10-litersspannet flikka mannen på nokon flekkar ved inngangsdøra, så no er huset (muren i allefall) så flott som berre det! i 2014 skal vi male treverket, samt skifte kledning på den samme værharde veggen over verandaen. Kva gjør de som ikkje har hus (og barn) på?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...