søndag 1. september 2013

Strikkedilla

Sidan eg hadde tre heile dagar heime denne veka har eg komt så godt i gang med julegåveproduksjonen at eg nesten er ferdig. True story. Strikkepinnana har gått saman med Brannmann Sam og Vennebyen på TV, og eg har produsert 7 slag til 7 flotte jenter. Eg har også strikka barselgåve og begynt på slutten av UFO (UFerdig Objekt) frå i vår - hue til meg sjølv. Mi hue til vinteren skal vere grøn, babyen som kom susandes får noko i mjuk rosa, og den eine av de 7 små vennane våre skal få noko i rosa. Strikkedilla har tatt meg, eg må snart finne noko anna å strikke; helst noko lite og raskt. Er det fleire små på veg ein stad?

Eg er flink å leverer restegarn til barnehagen. De får innimellom små Zip-lock-posar av meg med restar som er for lite til at eg får bruke det, men nok til veving og sying i barnehagen. Eg leverer også bøker som ungane våre har vokst frå, og til og med leikar opp dit. Dette blir de veldig glade for, og eg synes det er kjekt å sjå at det blir brukt. Vinn - vinn!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...