torsdag 3. oktober 2013

Flat mat og andre kategorier

Etter at vi kjøpte takke har vi laga masse svele. 3 av 4 elsker det, og 100% av gjestane våre elsker det.
Da storebror var liten åt han alt! Eg snakker torsk, oliven, tomater - alt vi gav han åt han. Men på eit eller anna tidspunkt bestemte han seg for at han ikkje likte ein del ting - som torsk. Oliven. Tomater. Kokosmjølk. Pepper. Urter. Først no har han opna opp for å smake igjen. Tidlegare har han ikkje spist det han eigentlig likar om det er rørt saman med noko han trur han ikkje liker. Men no kan han plukke ut det han liker og la resten ligge på fatet - det er ei STOR forbetring! Førskulegruppa i barnehagen er med på noko som heiter Fiskesprell - noko som betyr at de kjøper ulike fisk frå nærbutikken som de tilbreder og spiser. I går var de på butikken og kjøpte laks, torsk, blomkål, brokkoli og krydder (i følge storebror), og i dag skal de lage noko godt. Laks er ein favoritt, brokkoli ein anna - eg håpar han smaker torsken!
Lillesøster er eit anna kapittel. Ho likte ikkje så godt mat (vi kalte ho for puppeline), men her har utviklinga gått den andre vegen. Ho begynner forsiktig med gjerne berre litt ris på fatet. Så smaker ho av fatet til meg eller mannen, og da kjem det "Også på mitt fat!" Ho spiser asiatisk fiskegryte, ovnbakt torsk med spinat og kvitlauk, hot kyllinggryte; det meste. Men ho spiser ikkje flat mat. Her snakker vi snopekategorier som pannekaker, vafler og sveler. Ho vil ha på fatet, ho kan til og med smake litt - men 90% av tilfellene vrir ho seg og seier "liker ikkje". Ho vil heller ikkje ha tortillalefser. Men nyleg har ho begynt å spise pizza. Kva er det med flat mat? Vi later som om ho liker det (akkurat som om vi later som om storebror vil bli glad når vi seier at det er torsk til middag), så plutselig ein dag trur ho nok at ho gjør det!

Det fungerte med isbergsalat; "Nam" Sjå - salat! Det ELSKER du!" "Ja?" "Ja!" 'smake' "Mmm, nam! Jeg elsker salat!"

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...