søndag 6. september 2015

Nytt!

Det er kjekt med nye ting! Denne kaffekoppen (som ikkje kjem heilt til sin rett på bilete) fann eg på samme butikken som eg kjøpte denne knotten. Eg har mange yndlingskoppar heime, så denne veka tok eg den med på jobb. Eg var (nesten) førstemann på kontormøtet, og kvar gong det kom inn ein ny kollega kom det "Neimen, sjå på den koppen da! Fin!" - så den falt i smak! Haha, eg må passe godt på den! Litt glamor i kommunen er på sin plass! :)
Vi har lenge vore på utkikk etter ei ny kaffikanne, men har ikkje funne nokon vi likte. I Tyskland kjøpte vi denne i lilla til litt for mange pengar. Det som er dumt er jo at ein ikkje får sjekka kor godt de held varmen. Og det viste seg at denne holdt varmen mindre enn den gamle. Så den er fin - jada, men ikkje like god! Så no har vi to.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...