mandag 11. april 2016

Gol stavkyrkje og anna ehm... kultur

I dag er eg ein av de som blir plassert foran ein mengde folk og må - på sittande rumpe - gje gode og velformulerte forklaringar på kvifor ting er som de er, og kva vi vurderer å tenkje på å kanskje lage ein haldingsplan på at vi kan forandre. Alle andre har backa ut, men eg håpar at i alle fall ein til er der oppe saman med meg i dag! Ein ting er i alle fall sikkert - eg begynner å bli god på å svare som ein politikker!
Eg har problemer med å illustrere innlegget med bileter eg sjølv har tatt. Ikkje skal eg prøve på ein "berre vent litt, la meg ta eit bilete av bykk" i dag heller. Så eg pynter opp med finfine bileter frå Gol stavkyrkje i flott vintervær!
Gol stavkyrje er no plassert i ein familiepark like ved Pers Hotell på Gol. Familieparken var stengt, men vi spaserte bort i finværet for å sjå litt. Der såg vi at det var ein open port rett inn, og tre av fire meinte at det da var greit å ta seg ein runde på det sesongstengte ferieanlegget.
Det var nydleg å vere rundt kyrkja, ikkje minst så lukta den så godt! Den fjerdelen som meinte at vi gjorde noko ulovleg (men vart med likevel) vart sittande her i solsteiken så lenge at vi trudde at han hadde forsvunnet. Deilig ro med andre ord!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...