tirsdag 22. mai 2018

Hittil i mai

For ein fin månad vi har! Knallvær kvar dag og mange kjekke ting på programmet! Her er nokon glimt av kva vi har kosa oss med de siste to vekene.
Lyderhorn er snøfri! Det tok med nokon turar å bli vandt med at eg ikkje lenger kunne gå på ein smal, men jamn sti gjennom snøen. Men stas er det - å gå på spontan kveldstur saman med lillesøster - i shorts!
Ytterdøra vår har vore eit framtidig prosjekt i åresvis. I fjor fikk vi til og med inn fleire tilbod på å bytte den ut. Men så passar den så fint til huset! Også er den av skikkelig god (og tung) kvalitet! Det er betre å fikse det ein har enn å kjøpe nytt, så omsider har eg fått malt den kvit inni og blå utanpå. Denne blåfargen er så fin, og det er den vi har på listene våre også. No ser det kjempebra ut!
Hurra for 17.mai! Her har vi dekka opp til frukost. Vi var saman med venner til lunch, og gjekk i lokaltog på skulen. Etter toget var vi medarrangører på leikane, også var det (som alltid) godt å ta av seg den varme bunaden når dagen var over.
16.mai laga eg pikekyss i nasjonalfargane. Søte og fine som vertinnegåve dagen etter.
Dette biletet er frå kveldsmattur i Gullaksdalen saman med to vennefamilier. Lillesøster tok årets første bad her! Dette er forøvrig den nye joggeruta mi - i underkant av 8 km på skogsveg. Det er nok betre enn asfalt.
Årets første natt i telt vart 19.-20.mai i Os! Vi har som nyttårsforsett å sove to (!) netter i teltet vårt, mot ei natt i 2017 og ei natt i 2016. Høyres to netter lite ut, så er det faktisk 100% øking! Her bada alle fire i knallvarmen som var på laurdag! På søndag blåste det ein del, så vi pakka ned etter frukost. Men hit kjem vi tilbake!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...