torsdag 3. mai 2018

Halvmarathon og langhelg

Etter at eg tidlegare i veka satt med tre gode grunner til å ikkje stille til start i Bergen City Marathon på laurdagen kom dagen med kun ein grunn igjen - og da var det berre å stille. Det angra eg ikkje på ein einaste gong! For eit flott arrangement! Eg gjekk i oppoverbakkane, og koste meg heile runda. Rundt 17 km var eg ganske lei, naturleg nok, men da var det jo snart over! På slutten spurta eg inn for å komme forbi ein annan løper, men akkurat denne spurten har eg sett på bt.no i etterkant - og det var ikkje mykje til spurt altså! Men det var nok til at det svimla heilt for meg da eg kryssa målstreken, så eg var ganske så sliten.
Resten av dagen slappa eg av. Her er storebror med foten høgt etter at han prøvde å tøffe seg over gjerdet på leikeplassen. Dagen etter hadde eg litt gangsperre, men ikkje så ille. Så på måndag sykla vi på tur - heile 12 km med lillesøster jobbande som ein helt! Vi hadde ein bålplass i skogen som mål. Der grilla vi pølser, pinnebrød og marshmallows.
Det er finfint med langhelg og finfint å vere på andre sida av halvmarathon'net. No kan eg trene som eg vil, og det er fint. Med litt ekstra på begge sider av sjølve halvmarathon fikk eg denne på Runkeeper da eg registrerte økta mi:
Sidan eg var med på facebookchallenge 10 mil i april OG sprang halvmarathon den månaden (trur du det var gjennomtenkt eller?) havna månaden ut på 103.32 km. Målet er nådd fordelt på gåturer, jogging, sykling og fjelltur - totalt 16 økter. Herlig!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...