mandag 19. januar 2026

Januar del 1

Saman med nytt år og etter ein skikkelig lang juleferie kom motivasjonen tilbake, og når sommaren kjem og eg synas det er for varmt, kan eg drøyme meg tilbake til første halvdel av januar 2026 med sine kuldegrader og vinterlys.

Den første dagen i det nye året bada vi i dagslys. Sporene frå der vi gjekk ut frå stranda til opent vatn viser godt, og dette var virkelig det første høgdepunktet, 11 timar inn i 2026! Eg fikk mange små sår på leggane etter at eg hadde brøyta meg veg ut gjennom isen med bare bein.
Sjå fullmånen rett over toppen på Lyderhorn! Slikt vintervær (og himmelfenomener) er noko av det beste eg veit!
Vi inviterer til nyttårsmiddag, og lar nyttårsbordpynten ligge litt lenger. 
Det er sol og det er snø! Eg går over nærmaste lille fjell og har med meg te slik at eg "må" sette meg ned i sola og sjå på lyset. 
Eit sjeldan anletsbilete, men med kun augene synleg er det ingen som kjenner meg igjen! Med rett bekledning og teppe er det mogleg å sitte i sola på verandaen og lese.
Dette var pepperkakehuset vårt i 2025! Det vart laga litt seint, og pynta i romjula; men det var usedvanleg raust pynta og det gjekk heilt fint å knuse det sjølv om det ikkje hadde stått oppe så lenge. Mummihuset om det ikkje går an å sjå ;)
Vi er tilbake på jobb og skule, og på veg til eit møte ser Bergen slik ut og bilete må bli tatt.
Det er nærmare 15 minus ute. Heime tenner vi i vedovnen slik at huset blir lunt og godt. Og god bok blir lest.
Webinar på heimekontor - covid-style med strikketøy. 
Med to veker samanhengande der det er fleire minusgrader er det mogleg å komme seg ut på skøyter - på "villis". Laurdags morgon var mannen og eg første skøytegåarar på eit lite vatten i området vi bur, og gjekk på skøyter heilt til sola var komt opp og andre kom på isen. Det var ikkje tidleg, men tidlegare enn andre.
Dagen etter fikk vi med oss eit barn og køyrte til eit langt større vatn litt lenger unna. Skøyter er så gøy, og vi skøyta 10 000 m, nett som andre folk som er glad i is!
Tidlegare enn eg hadde trudd er det skumring når vi bader på onsdager. Dette var nok ein finværsdag, det hadde nok vore mørkt om det var skyer, men dette viser jo berre at våren er på veg. Så la oss nyte vinteren medan vi kan!
Vi var sugne på bading, så ein av vinterbadedamene sparka vekk isen slik at vi kunne bade. Denne dagen var det 1 grad i vatnet - og heilt perfekt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...